ID 2168 Helgestillingar i omsorgsteam- Eining for habilitering
Eining for habilitering treng fleire kjekke tilsette i vårt omsorgsteam og ser etter deg som er motivert, har brukarfokus og ynskjer å bidra med å gje brukaren ein trygg og meiningsfull kvardag. Du blir ein del av eit omsorgsteam rundt ei ung dame busett på Stord, der ein gjev personretta tenester gjennom døgnet. I hovudsak er det to personale på jobb på dag/kveld som samarbeider om arbeidsoppgåvene.
Det er varierte oppgåver gjennom dagen, alt frå personleg pleie, tilrettelegging av måltid, kommunikasjon, sosiale aktivitetar og trening. Brukar har stor interesse for musikk og trening, og har basseng som del av treninga. Høyrast dette spennande ut, så legg inn ein søknad.
Me har ledig 2 faste helgestillingar på om lag 15% med arbeid på dag/kveld kvar tredje helg.
Arbeids- og ansvarsområde:
- Bistå brukaren i dagleglivets aktivitetar og aktivitetstilbod
- Gjennomføre tiltak, ivareta funksjonar
- Samarbeide med pårørande og andre samarbeidspartnar
- Bruke kommunikasjonsverktøy
- Legemiddelhandtering
- Dokumentasjon gjennom fagsystem
Kvalifikasjonskrav:
- Helsefagleg bakgrunn er ein fordel, men ikkje eit krav
- Kan samarbeide tett med andre, like å jobbe i team, men også jobbe sjølvstendig
- Har gode samarbeid -- og kommunikasjonsevner
- Er fleksibel og løysningsorientert
- Beherskar godt norsk både munnleg og skriftleg
- Personlege eigenskapar blir vektlagt
- Ved tilsetjing vert det stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Me kan tilby:
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
Kontaktperson: Einingsleiar Esther Aasen Bjelland, tlf 97 55 20 97.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.