100% vikariat stilling som fagleiar
f.t. ved Svelgen Oppvekst, avdeling barnehage, Bremanger kommune
Gunnar Scheldrups veg 31, 6723 Svelgen
Om jobben
Stillingstittel
Fagleiar
Antall stillinger
1
Svelgen oppvekst har ledig vikariat som fagleiar for barnehage i 100 % frå 01.12.24-30.11.25.
Svelgen oppvekst er eit oppvekstsenter med 2 barnehagar og ein barne- og ungdomsskule, og er den største driftseininga innan oppvekstsektoren i kommunen.
Leiinga ved Svelgen oppvekst består av driftssjef, fagleiar skule og fagleiar barnehage. I stillinga inngår fagleiaransvar for dei to barnehagane Langeneset barnehage og Svelgen barnehage. Fagleiar vil fungere som leiar i pedagogiske spørsmål og administrative oppgåver når driftssjef er fråverande.
Arbeidsoppgåver
- Administrativt, økonomisk- og fagleg ansvar, personalansvar og forvaltningsansvar saman med driftssjef for oppvekstsenteret
- Leie og vidareutvikle barnehagane som ei pedagogisk og lærande verksemd i tråd med barnehagelova, rammeplan og overordna føringar og lovverk
- Skape god relasjon med barn, foreldre og tilsette
- Organisasjonsutvikling
- Bidra til kompetanseutvikling i eigen barnehage og barnehagane i kommunen
- Strategisk leiing og planlegging
- Tverrfagleg samarbeid om barn sin oppvekst og utvikling
Kvalifikasjonar
- Krav om barnehagelærarutdanning
- Leiarerfaring og leiarutdanning er ønskeleg
- Gode, oppdaterte kunnskapar knytt til barnehagefeltet
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad
- Krav om godkjent politiattest
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevne, er løysningsfokusert og raus
- Vere fagleg sterk, ha evne til nytenking og sjå meininga av å vere til stades i den daglege drifta og vere i avdelingane ved behov og vere tilgjengeleg for brukarane og personalet
- Ha god evne til å inspirere, involvere og motivere medarbeidarane, samtidig som ein stiller krav
- Vere sjølvstendig og ha gode framdrifts- og gjennomføringsevner
- Vere strukturert og kunne handtere fleire og samansette arbeidsoppgåver
- Vere ryddig og ha innsikt i økonomistyring
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
- God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i Statens Pensjonskasse. SPK.no - Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no - Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
- Gode personforsikringar i arbeid og fritid
- Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar
- Senioravtale for tilsette over 62 år. Undervisningspersonale får 100 % løn med 80 % arbeidstid. Andre tilsette får 2 ekstra veker fritid, dvs totalt 8 veker ferie og fritid!
- Mentorordning for nyutdanna undervisningspersonalet, god opplæring og oppfølging til nytilsette
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
- Gratis barnehage frå 01.08.24. Løpande barnehageopptak gjennom året!
- Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse
- Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
- Tilskot til bustadbygging Tilskotet er sett til kr 200 000 for bustadhus og kr 50 000 for kjøp av nybygt bustad i fleirbustadbygg
Ring oss gjerne for en prat, så fortel vi meir!
Kontaktinformasjon
Ingrid Leite Loftheim, Driftssjef Svelgen oppvekst, 46806321Arbeidsstad
Gunnar Scheldrups veg 316723 Svelgen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 4835432985
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 08.09.2024
Om bedriften
Bremanger kommune er ein kystkommune i Vestland fylke med ca. 3.500 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv.
Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2693110
- Sist endret
9. september 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8b71a0b0f99244c1810031815076f27f