Underdirektør/fylkesberedskapssjef - seksjon for justis- og beredskap
Om stillinga
Vi søkjer etter underdirektør/fylkesberedskapssjef til å leie seksjonen for justis- og beredskap hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Stillinga er nyoppretta og plassert i vårt verksemdsområde for berekraftig naturbruk. Seksjonen har ansvar for våre oppdrag knytt til samfunnstryggleik og beredskapsarbeid, klagesaker etter plan- og bygningsloven m.fl. Seksjonen følger opp og rettleiar kommunane innafor desse områda og samordnar arbeidet med samfunnstryggleik i fylket.
Som leiar for seksjonen blir du ein del av verksemdsområdet si leiargruppe og får ansvar for å leie og vidareutvikle seksjonen og medarbeidarane i tråd med Statsforvaltaren sine instruksar, verdiar og mål. Du vil ha delegert fag- og personalansvar for dei 10 medarbeidarane i seksjonen og rapporterer til områdedirektøren. Du må pårekne saksbehandlingsoppgåver.
Som fylkesberedskapssjef vil du jobbe målretta og samordna med samfunnssikkerheit og beredskap og vere ein pådrivar både internt i embetet og eksternt gjennom fylkesberedskapsrådet, i møte med kommunane og i dialog med oppdragsgjevarar.
Det er eit stort spenn i oppgåvene i ei rolle som statleg representant opp mot kommunane. Å forstå rolla som staten sin representant i regionen er derfor sentralt for stillinga.
Vi søkjer deg som har solid kompetanse innafor samfunnstryggleik og beredskap og plan- og bygningsrett og som kan vise til gode resultat frå personalleiing. Det er ønskeleg med leiarutdanning.
Til å utføre desse oppgåvene søkjer vi etter deg som har
- høgare utdanning på masternivå fortrinnsvis innan samfunnstryggleik og beredskap og/eller rettsvitskap. I særskilte tilfelle kan manglande formell utdanning kompenserast ved lang og relevant praksis kombinert med anna relevant universitet- og høgskoleutdanning.
- relevant erfaring og kompetanse om korleis plan- og bygningsrett og samfunnssikkerheit og beredskapsarbeid er organisert og virker i den offentlege forvaltninga.
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- gode samarbeidsevner internt og eksternt.
- god arbeidskapasitet og er strukturert.
- gode leiareigenskapar.
- evne til å ta initiativ og arbeide sjølvstendig og målretta
- god vurderingsevne og samfunnsforståing
- tryggleik i leiarrolla som møteleiar, innleiar, tilsynsleiar og handtering av media
Den som vert tilsett må kunne tryggleiksklarerast for Strengt Hemmeleg.
Førarkort klasse B er ein føresetnad. Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar. Den som vert tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg. Vi brukar som hovudregel nynorsk som skriftspråk.
Vi tilbyr
- ein utfordrande jobb
- eit utviklande og godt arbeidsmiljø
- løn som 1059 underdirektør med lønsplassering ut frå kvalifikasjonar, erfaring og lokal lønspolitikk.
- fleksibel arbeidstid og medlemskap i Statens pensjonskasse, med gode forsikrings- og låneordningar. Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonskassa.
- tilsetting etter gjeldande lover, instruksar og reglement. Dei første seks månadane er prøvetid.
Utviklinga av organisasjonen vår er i ein kontinuerleg prosess, og den som blir tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.
Nærare opplysningar
Ta gjerne kontakt med områdedirektør Frank Madsøy, tlf. 97171493, e-post: frank.madsoy@statsforvalteren.no om du har spørsmål knytt til stillinga.
Ønskjer du å gjere deg betre kjent med oss, kan du finne meir informasjon på www.statsforvaltaren.no/mr
Slik søkjer du
Du søkjer elektronisk gjennom rekrutteringsportalen til Jobbnorge. Link til denne ligg på heimesida vår og på NAV sine sider. Vi ber om at du lastar opp vitnemål/ karakterutskrifter (gjerne direkte frå Vitnemålsportalen) og relevante attestar.
Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du som søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25. Søkjar vil bli orientert om dette på førehand. Søkjarar som ønskjer å vere unntatt offentlegheit, må grunngje dette særskilt.
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbsøkarportalen om du har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Du kan lese meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten på Statens arbeidsgiverportal. Eit slikt kryss i jobbsøkarportalen vert brukt ved utarbeiding av anonymisert statistikk til årsrapporten vår.
Stillinga har stillingsnr. 2401
Om bedriften
Statsforvaltaren er den fremste representanten for staten i fylket, og skal arbeide for å følgje opp Stortinget og Regjeringa sine mål og retningsliner. Arbeidsoppgåvene dekkjer eit vidt arbeidsfelt og omfattar mellom anna tilsyn med kommunane sin økonomi og forvaltning, sosialfaglege og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap og oppgåver innan sektorane helse, utdanning, landbruk og miljøvern.
Statsforvaltaren skal òg samordne anna statleg forvaltning i fylka og ta del i samarbeid og samhandling mellom stat, fylkeskommunar og kommunar. Statsforvaltaren er administrativt underlagd Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, og utfører oppgåver for ei rekkje departement og direktorat.