Sunnylven skule - assistent
Sunnylven skule, Stranda kommune
Hellesyltvegen 56 , 6218 Hellesylt
Om jobben
Stillingstittel
Assistent
Antall stillinger
1
Sunnylven skule ligg i tettstaden Hellesylt i Stranda kommune. Skulen er ein 1. – 10. skule med SFO ordning og har dette skuleåret ca 60 elevar og omlag 8 årsverk knytt til undervisning. Skulen er nyleg rehabilitert og framstår som ny og moderne.
Vi har ledig følgjande fast stilling med tilsetjing snarast:
- 71,2 % stilling som assistent i skule og SFO frå 1. august 2024
Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på Søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort.]f. Offentleglova § 25. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato
Arbeidsoppgåver
- Assistentoppgåver i skule og SFO
- Inspeksjon i friminutt
Kvalifikasjonar
- Gjerne erfaring frå arbeid med born i skule eller barnehage, men andre kan også søkje
Personlege eigenskapar
- Fungere godt saman med born og samarbeide med kollegiet på skulen
- Å kunne sette tydelege grenser
- Planlegge og leie aktivitetar saman med born i aldersgruppa 6- 10 år
- Ryddig og strukturert
- Kommunisere godt med både born og voksne
Vi tilbyr
- Du får vere med påverke din eigen arbeidskvardag, fagleg og sosialt
- Nyrenovert skulebygg
- Godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.
Offentleg tenestepensjon for nytilsette
Kontaktinformasjon
Torje Bjørneseth, Einingsleiar, 46 41 11 24, torje.bjorneseth@stranda.kommune.noTone Merete Lillebø, Kommunalsjef oppvekst, tone.lillebo@stranda.kommune.no
Arbeidsstad
Hellesyltvegen 566218 Hellesylt
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 4840662334
Stillingsprosent: 71,2%
Fast
Om bedriften
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter.
Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2706255
- Sist endret
29. august 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7bd33812cf914bb69019637c24f956c6