Fagarbeidarar/assistentar
Solevåg skule, Sula kommune
solavågseidet 57, 6037 Eidsnes
Om jobben
Stillingstittel
Fagarbeidarar/assistentar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Solevåg skule søker fagarbeidarar/assistentar for komande skuleår. Vi skal tilsette både i faste stillingar og i vikariat, ca. 5 heile stillingar. Stillingane er knytt opp til både skule og SFO. Skulen har om lag 215 elevar frå 1.-7. trinn, og SFO.
Vi har eit godt arbeidsmiljø, flott uteområde og nærleik til fine naturområde.
Arbeidsoppgåver
- Delta i arbeidet med å planlegge, leggje til rette for, koordinere og gjennomføre aktivitetar knytt til klasser/grupper/enkeltelevar i skule og på SFO.
- Vere en tydeleg rollemodell og rettleie barn i skule og SFO.
- Følge opp og rettleie barn i leik og aktivitetar i friminutt og uteaktivitetar.
- Jobbe med barn som har spesielle behov.
- Ha fokus på positiv merksemd, tydelege grenser og gode rutinar.
- Arbeid med elevar med stort behov for oppfølging, hjelp og støtte vil vere særleg aktuelt for fleire av stillingane
Kvalifikasjonar
- Utdanning som barne- og ungdomsarbeidar eller liknande, men anna bakgrunn vil også kunne vere aktuelt.
- Erfaring frå arbeid med barn og unge er ønskeleg.
- Grunnleggande IKT-kompetanse
- Du må beherske norsk språk munnleg og skriftleg
- For to av stillingane vil det vere særleg relevant at ein er personleg eigna for stillinga.
Personlege eigenskapar
- Du likar å vere saman med barn og unge, og likar fysisk aktivitet ute og inne.
- Du er ein tydeleg vaksen/rollemodell som legg vekt på å bygge gode relasjonar i elevgruppa
- Du kan jobbe sjølvstendig og ta raske avgjersler.
- Du er positiv og vektlegg samarbeid.
- Du er løysingsorientert.
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Ei spennande og utviklande stilling som fagarbeidar/assistent i skule og SFO.
- Eit triveleg og inkluderande skole- og arbeidsmiljø.
- Arbeidsklede
- Løn etter utdanning og tidlegare arbeidserfaring.
Kontaktinformasjon
Børre Andreas Hagen, Rektor, 95710229, borre.andreas.hagen@sula.kommune.noArbeidsstad
solavågseidet 576037 Eidsnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sula kommuneReferansenr.: 4786416025
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 02.04.2024
Om bedriften
Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9700 innbyggjarar, der omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Sula er ein av dei minste og mest folketette kommunane i fylket.
Kommunen er vekstkommune med stor aktivitet, rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv. Veksten har ført til auke av butikk-, kafe- og næringsverksemder. Det tek 7 minutt med båt over til Ålesund sentrum. Kommunesenteret og Sula rådhus ligg i Langevåg.
Meir informasjon om Sula kommune.
Kommunen er vekstkommune med stor aktivitet, rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv. Veksten har ført til auke av butikk-, kafe- og næringsverksemder. Det tek 7 minutt med båt over til Ålesund sentrum. Kommunesenteret og Sula rådhus ligg i Langevåg.
Meir informasjon om Sula kommune.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2596964
- Sist endret
3. april 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3b1326591f324fdf98dbedecdce1d341