Operative grunnstillingar innan utlendingskontroll og grensekontroll
FUFSR - Seksjon for utlendingskontroll og grensekontroll, Møre og Romsdal politidistrikt
Storgata 43, 6508 Kristiansund N, Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Operative grunnstillinger innen utlendingskontroll og grensekontroll
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 24. november
Møre og Romsdal politidistrikt har ledige stillingar som politibetjent 3/2/1 ved seksjon for utlendings- og grensekontroll i Kristiansund og Ålesund! Vi har no éi fast stilling i Kristiansund og eitt vikariat på eitt år i Ålesund, begge som operative etterforskarar innan utlendingskontroll. Det kan også opne seg fleire stillingar innan utlendingskontroll og grensekontroll i Kristiansund og Ålesund.
Er du den nye kollegaen vår?
Vi søkjer deg som er motivert til å utvikle våre fagområde, jobbar sjølvstendig, tek ansvar og har gode samarbeidsevner. Seksjonen består av eit engasjert team i både Ålesund og Kristiansund, og vi har eit inkluderande arbeidsmiljø der vi støttar og utviklar kvarandre.
Kvardagen vår:Vi jobbar innan viktige og prioriterte fagfelt og samarbeider nært med andre einingar og eksterne aktørar. Som ein operativ seksjon møter vi ulike miljø og personar. Du må derfor vere, eller kunne bli, IP4-godkjent og trivast i kontrollsituasjonar.
Arbeidskvardagen er variert og tidvis hektisk, med krav til fleksibilitet og evne til å ta på seg ulike roller. Dette er ei ypparleg stilling for deg som ønskjer fagleg utvikling og å bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Kven ser vi etter?
Vi søkjer deg som ønskjer å jobbe i eit engasjert team og som vil utvikle både deg sjølv og fagområdet vårt. Vi verdset mangfald og ser spesielt positivt på søkjarar med ulike bakgrunnar, erfaringar eller kompetanse som kan styrkje seksjonen.
Arbeidsoppgåver
Utlendingskontroll
- Planlegge og gjennomføre personkontrollar
- Avdekke personar som oppheld seg ulovleg i Noreg, eller på annan måte har brote vilkår for opphald
- Opprette og gjennomføre bort/utvisingssaker
- Planlegge og gjennomføre uttransporter
- Etterforske brot på utlendingslova
- Etterforske/behandle utleveringssaker
- Andre oppgåver kan tilleggjast ved behov
Grensekontroll
- Systematisk overvaking av luft -og sjøgrense i Møre og Romsdal
- Oppsøkende fysisk kontroll av fartøy
- Planlegge og gjennomføre personkontrollar
- Være oppdatert på fagfeltet og tilgjengeleg ressursperson for andre driftseiningar
- Veiledning og opplæring av andre grensekontrollørar
- Ivareta andrelinje grensekontroll – under dette opprette og gjennomføre bort/utvisingssaker
- Operativ teneste og del av totalberedskapen i politidistriktet
- Jevnlig dialog og samarbeid med eksterne aktørar
- Andre oppgåver kan tilleggjast ved behov
Kvalifikasjonar
Nødvendig
- Fullført og bestått politiskolen/politihøgskolen. Karakterskjema skal fyllast ut og leggast ved søknaden, sjå
https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema - God norsk og engelsk - munnleg og skriftleg
- God basiskunnskap innan IKT
- Operativ godkjenning i minimum kategori 4 eller vere kvalifisert og villig til å bli IP-godkjend innan kort tid
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetjing, jf. politilova § 18 og politiregisterlova § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga
Ønska
- Kurs/studiar innanfor utlendings/grensekontroll
- Erfaring frå utlendingskontroll/grensekontroll
- Gode resultat frå utdanning ved Politi(høg)skulen er ein fordel
- Flerspråklig
- God kjennskap til politiet sine register generelt og innan fagfeltet spesielt
Personlege eigenskapar
- Du tek initiativ til eiga utvikling og har stor lærevilje og evne.
- Du er ein lagspelar som bidreg positivt til arbeidsmiljøet med godt humør, respektfull åtferd og engasjement.
- Du kan jobbe sjølvstendig, er trygg på deg sjølv i kontrollsituasjonar, og tek ansvar for både eigne og felles oppgåver.
- Du har oversikt over kva som skal gjerast, er god til å prioritere, og fullfører oppgåver grundig.
- Du handterer tidspress, korte fristar og endringar i prioriteringar.
- Du klarer å skifte mellom ulike oppgåver og handterer fleire ting samtidig.
- Du er fleksibel når det gjeld arbeidstid og arbeidsstad.
- Du tilpassar deg godt til andre aktørar, endringar i roller og nye arbeidsoppgåver.
Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattform her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Personlege eigenskapar blir vektlagde.
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme politiet for framtida
- Fast stilling og vikariat som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457) i Møre og Romsdal politidistrikt. Tilsetting er avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter.
- Lønn utlendingskontroll:
- Politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 540 500 - kr. 624 500
Politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 480 900 - kr. 516 800
Politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 448 900 - kr. 509 300 - Lønn grensekontroll:
- Politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 524 700 - kr. 604 900
- Politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 460 600 - kr. 487 800
- Politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 432 800 - kr. 472 900
- Endeleg plassering av lønn er avhengig av erfaring, kvalifikasjonar og ansiennitet
- For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
- Godtgjersle etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste
- Ved endring av tjenesteområde gis lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området
- Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon. Du kan ha rett til økonomisk støtte dersom du blir sjuk eller ufør, familien din kan ha rett til økonomisk støtte om du døyr, du blir forsikra mot yrkesskade eller yrkessjukdom, og du får gode vilkår på bustadlån. Les meir om tilsetjingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk.
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.
Kontaktinformasjon
Kenneth Huse, Seksjonsleiar, 99638390Arbeidssted
Storgata 436508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Møre og Romsdal politidistriktReferansenr.: 4875834005
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling, Vikar
Søknadsfrist: 24.11.2024
Kontaktperson for stillingen
Kenneth Huse
Seksjonsleiar
99638390
Om bedriften
Om politidistriktet
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer og dekker ei befolkning på om lag 265 000 menneske. Majestetiske fjellområde set naturlege avgrensingar i Møre og Romsdal fylke, og såleis politidistriktet. Det er Trollheimen på grensa mellom Nordmøre og Trøndelag, Romsdalsfjella med mellom anna Trolltindane i nedre del av Romsdal, Sunnmørsalpane på begge sider av Hjørundfjorden og Tafjordfjella mot Reinheimen Nasjonalpark sørvestover. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Møre og Romsdal politidistrikt har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Organisering av politidistriktet
Politidistriktet med om lag 630 tilsette, vert leia av politimeister Ingar Bøen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.
Dette er verdiane våre
I politiet jobbar vi etter prinsippa i medarbeidarplattforma som er å vere modig, heilskapsorientert, vise respekt og vere tett på. Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke og treng medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogeleg legg vi til rette for deg om du har behov for det.
Positiv særbehandling av søkarar til statlege verksemder
Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen. Dersom du har funksjonsnedsetting, hól i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar vi deg til å krysse av i jobbportalen. Dette dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer på i sine årsrapportar.
Om offentleg søkarliste
Opplysingar om deg kan bli gjort offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på den offentleg søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil du bli varsla om dette.
Har du hugsa dette?
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål.
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2785391
- Hentet fra
talentech
- Referanse
47985063ff8e4cfb9136fc876ddf2511