Har du lyst til å jobbe med konseptutvikling og sal for Destinasjon Voss?
Vi søker deg som har eit ekstra engasjement for utviklinga av Voss som reisemål og er god på å bygge relasjonar. Du må trivast med å jobbe aktivt sal og ha god struktur i sjølvstendig arbeid.
Ein av våre medarbeidarar skal i permisjon og stillinga er difor eit vikariat i inntil 80%, i perioden 1. oktober 2019 til 31. august 2020.
Om bedriften
Voss er kjent for naturopplevingar, ekstremsport, tradisjon, kultur og festivalar. Med to av landets beste skianlegg, ekstremsportutøvarar i verdstoppen og ny gondol frå sentrum til 820 moh, er Voss eit attraktivt reisemål heile året.
Destinasjon Voss marknadsfører og utviklar Voss som reisemål i tett samarbeid med medlemsbedriftene.