Vi vil bli kjent med deg som leverer hjartebank, og vil realisere draumar og skape verdiar saman med oss!
Sparebanken Vest
Førde
Om jobben
Stillingstittel
Rådgiver PM Førde
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Rådgjevar privatmarknad Sparebanken Vest, Førde
Er du klar for spennande utfordringar og personleg utvikling? Likar du å identifisere moglegheiter, realisere draumar og skape verdiar for kundane dine? Då trur vi Sparebanken Vest kan vere rette plassen for deg!I Sparebanken Vest får du ta del i ei bedrift som er oppteken av lagspel, verdset gode kollegaer, og som set kundane våre i fokus. Vi tilbyr deg gode utviklingsmoglegheiter i ein av dei leiande organisasjonane på Vestlandet. Saman skal vi byggje og vidareutvikle kompetansen din, og vi vil legge til rette for at du får ei spennande karriere i eit solid finanshus -- vi satsar på deg.
Bank er mykje meir enn du skulle tru. Vår bransje er stadig i utvikling, og vi blir kontinuerleg utfordra på kva bank skal vere. Difor må vi heile tida tenkje nytt om korleis vi løyser kundane sine behov. Kvardagen hos oss er full av varierte utfordringar, og ingen dag er lik. Det synest vi er utruleg spennande og kjekt!
Kva skal du gjere som rådgjevar i Sparebanken Vest?Gode relasjonar og samspel med kundane våre er det viktigaste vi har. Som rådgjevar vil di hovudoppgåve vere å byggje sterke band, og langsiktige relasjonar til kundar, og jobbe aktivt og målretta med sal og rådgjeving.
Som rådgjevar jobbar du som ein økonomisk samtalepartnar for eksisterande og nye kundar, og hjelper dei med å byggje ein robust privatøkonomi for i dag, for morgondagen, og for framtida. Det er deg kundane tek kontakt med når dei treng gode råd. Saman skal vi finne dei beste løysingane for kundane våre, og vi skal vere dei som kjem med tydelege råd. Vi bryr oss om kundane våre, og vi vil dei vel.
I ei tid med store endringar og høge forventningar frå kundane, vil tett oppfølging og kvalitet i leveransane bli endå viktigare. Som kunderådgjevar vil typiske arbeidsoppgåver vere:
- Byggje og utvikle relasjonar til nye og eksisterande kundar -- i dette ligg å forvalte og utvikle eigen portefølje, inkludert utgåande salsaktivitet. Du må like å ha resultatansvar for eigen portefølje.
- Sal og rådgjeving innan kreditt, sparing og plassering, forsikring og andre banktenester, både i telefonmøte, videomøte og fysiske møter i banken.
Vår nye kollega er ein utprega lagspelar som raskt byggjer og utviklar gode relasjonar, internt og eksternt. Som rådgjevar må du vere analytisk, proaktiv og initiativrik, for å finne dei beste løysingane for kundane dine. Du må vere fleksibel og evne å snu deg raskt når kundane krev det. Å vere god til å kommunisere, både skriftleg og munnleg, er viktig i denne stillinga, for å kunna gi gode råd til kundane våre -- på ein tydeleg måte.
Det er eit krav til alle kunderådgjevarar i SPV å vere autorisert i kreditt, sparing og investering, og i person- og skadeforsikring. Det er eit ønskje at søkjarar er ferdig autoriserte, men vi legg også til rette for deg dersom du ikkje er autorisert enno.
For oss er det viktig at du har eit nysgjerrig blikk, er ambisiøs for di eiga utvikling, og motivert for å lære saman med vinnarlaget i Sunnfjord!
Arbeidsstad: Du blir tilsett ved Sparebanken Vest sitt kontor i Førde. Teamet du blir en del av består av 4 kunnskapsrike og engasjerte rådgivarar for privatmarknaden, som heiar på kvarandre. Vi jobbar målretta saman mot banken sin visjon om å vere Noregs beste Sparebank. Vi er samlokalisert med rådgjevarar innan forsikring, -og bedriftsmarknad, samt eigedomsmeklarar frå Eiendomsmegler Vest AS.
Bank, bank - Kva no?Er du klar for å ta aktiv del i Sparebanken Vest sitt vinnarlag i Sunnfjord? Ønskjer du å vite meir? Ta gjerne kontakt med banksjef Cathia Baarøy, slik at vi kan bli betre kjent.
Vi gler oss til å høyre frå deg!
Vi gjer merksam på at det kan bli kravd framlegging av ordinær politiattest etter politiregisterlova § 40, og stadfesting frå Brønnøysundregistera om at du ikkje er under konkursbehandling, konkurskarantene eller gjeldsforhandling. Dette vil gjelde for stillingar etter finansforetakslova §§ 16-12 første ledd b) og 16-12 andre ledd.Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted