Leiar i næringseininga
Sektor for samfunnsutvikling
Rådhusplassen 5, 6060 Hareid
Om jobben
Stillingstittel
Leiar i næringseininga
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 5. desember
Stillinga som leiar for næringseininga i Hareid kommune er ledig. Her får du prøvd deg på utfordrande arbeidsoppgåver som spennar frå overordna ansvar for næringsutvikling og hamn til å jobbe for auka bulyst og reiseliv.
Vår nye medarbeidar trivst med varierte, utfordrande arbeidsoppgåver og eit høgt tempo. Du ivrar for bulyst og fleire innbyggjarar. Har du engasjement og initiativ? Finn du kreative og korrekte løysingar i utfordrande saker av ulik karakter? Ja, då kan du vere den vi ser etter.
Næring er ei av seks einingar i sektor for samfunnsutvikling. Vi syt for inntekter til kommunen gjennom mellom anna tomteutvikling, og utvikling av reiseliv som næring. "Vekst i Hareid", folkehelsekoordinator/SLT, klima, miljø og berekraft ligg også til eininga vår.
Arbeidsoppgåver
Du vil få overordna ansvar for næring, næringsteam, næringsfond og hamn. Rolla som hamnesjef ligg til stillinga.
Sentrale oppgåver vil vere:
- personal-, økonomi- og budsjettansvar
- overordna ansvar som grunneigar av for ubygd eigedom i kommunen. I det ligg kjøp og sal av eigedomar, rettar, løyver til arrangement, torghandel og regelverk for dette, avtalar/kontraktar, evnt. tvistar og jordskiftesaker m.m.
- utgreiingsarbeid, arbeid med malar, politiske saker og møte i politiske utval
- offentlege innkjøp
- næringsutviklingsarbeid, kontakt med næringsliv
- utvikling av bustadfelt og regelverk for og sal av kommunale tomter
- utvikling og sal av næringsområde
- utvikling av reiseliv som næring, m.a. cruise og cruisenettverk
Andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga.
Kvalifikasjonar
- relevant høgare utdanning innan aktuelle fagområde t.d. jus, plan/eigedom eller offentleg forvaltning
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk. Det vert nytta nynorsk skriftspråk i kommunen.
- førarkort kl. B
Vi ønskjer at du har erfaring og kjennskap til kommunale fagsystem, regelverk og organisering av offentleg forvaltning.
Utdanningskravet kan vi gå bort frå, om du har sterk og allsidig praksis frå aktuelle fagområder og er godt eigna til jobben.
Personlege eigenskapar
- fleksibel, proaktiv og open for nye utfordringar
- sjølvstendig, strukturert, initiativrik og løysingsorientert
- ansvarsbevisst med god gjennomføringsevne
- god på leiing, samarbeid, formidling og kommunikasjon
Vi legg vekt på at du er godt eigna til stillinga.
Vi tilbyr
- god arbeidsfelleskap med dyktige medarbeidarar og kollegaer
- meningsfulle arbeidsoppgåver med mulegheit til å påverke og utvikle både organisasjonen og lokalsamfunnet
- løn etter avtale, god pensjonsordning i KLP og fleksibel arbeidstidsordning
Kontaktinformasjon
Kai-Rune Bjørke, Kommunalsjef, +47 990 44 350Arbeidsstad
Rådhusplassen 56060 HAREID
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sektor for samfunnsutviklingReferansenr.: 4887817657
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.12.2024
Kontaktperson for stillingen
Kai-Rune Bjørke
Kommunalsjef
+47 990 44 350
Om bedriften
GODE TENESTER - GLADE TILSETTE
Hareid kommune har omlag 5300 innbyggarar, og 500 tilsette.
Våre tilsette er kommunens viktigaste ressurs. Kvaliteten på tenesteytinga er avhengig av kompetanse, og i kva grad vi har vilje og motivasjon. Innbyggjarane i Hareid er utgangspunktet for service- og tenesteytinga vår.
Inkludering og mangfald er ein styrke. VI oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Alle søkjarar blir førte opp på offentleg søkjarliste. Du kan søkje om anonymitet. Det må liggje føre særskilde omstende for å få innvilga unntak, jamfør Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest av ny dato legg du fram til stillingar der dette er eit krav.
Attestar, vitnemål og vedlegg må ligge ved søknaden din.
Vi oppmodar deg til å nytte Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Noreg må vere godkjent av HK-dir (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2796155
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9a0929ab574b40bf859145b4ccabb763