100% fast stilling som vernepleiar, f.t. ved Hamretunet
I Bremanger kommune, for tida ved tenestene for menneske med nedsett funksjonsevne avd. Hamretunet i Open omsorg indre, er det ledig ei 100% fast stilling som vernepleiar. Vi arbeider i årsturnus kor ein kan ynskje seg m.a. langvakter. Medarbeidarane har anledning til å få innverke på arbeid -og fritida si.
Serviceinnstilling og personleg egnaheit vert vektlagt.
6723 Svelgen
Referansenr.: 4801604786
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.05.2024
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer etter deg som er utdanna vernepleiar eller har anna høgskuleutdanning innan helse og sosialfag på bachelor nivå.
- Like å arbeide i team
- Vere innstilt på endringar
- Legge fram politiattest av nyare dato
- Må beherske norsk godt både skriftleg og munnleg
- Du har førerkort kl. B.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte medarbeidarar. For oss er det viktig at du trivast med menneske, og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre brukarar. Arbeidet inneheld også å rettleie, hjelpe til i pleie – og til ivareta dei daglege funksjonane til brukarane. Sidan miljøarbeid er ein viktig del av arbeidet, er det viktig at du likar å vere aktiv og engasjerar deg i arbeidet med brukarane.Serviceinnstilling og personleg egnaheit vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje.
- God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i Statens Pensjonskasse. SPK.no Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
- Gode personforsikringar i arbeid og fritid.
- Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar.
- Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf. lokal avtale.
- Senioravtale for tilsette over 62 år. Undervisningspersonale får 100 % løn med 80 % arbeidstid. Andre tilsette får 2 ekstra veker fritid, dvs. totalt 8 veker ferie og fritid!
- Mentorordning for nyutdanna undervisningspersonalet, god opplæring og oppfølging til nytilsette.
- Tilsette i turnusordning får vere med på planlegging av si eiga arbeidstid og fritid. Kan vere mogleg med langvakter.
- Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar og vernepleiarar med kr. 30.000,- pr. år inntil 10 års ansiennitet.
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass.
- Frå hausten 2024 er barnehageprisen 1500 kr per månad, for barn nummer to vert det gjeve 30% søskenmoderasjon av betalingssatsen, for det tredje barnet og eventuelt fleire barn vert det gjeve 100% søskenmoderasjon av betalingssatsen. Løpande barnehageopptak gjennom året!
- Gratis 12 timar SFO i veka for 1-2 klasse.
- Sjå ledige bustadtomtar i kommunen.
- Tilskot til bustadbygging Tilskotet er sett til kr 200 000 for bustadhus og kr 50 000 for kjøp av nybygt bustad i fleirbustadbygg.
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!
Ring oss gjerne for en prat, så fortel vi meir!
Kontaktinformasjon
Hilde Gretha Hauge, Driftssjef open omsorg indre, +47 95989310Arbeidsstad
Svelgen Panorama 16723 Svelgen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 4801604786
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.05.2024
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Bremanger kommune er ein kystkommune i Vestland fylke med ca. 3.500 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv.
Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no