Storfjordnytt søkjer journalist
Storfjord Bladlag As
Olavsgata 8, 6210 Valldal, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Journalist
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Er du lidenskapeleg oppteken av å formidle lokale historier og bidra til å styrkje samhaldet i lokalsamfunnet? Då kan du vere den journalisten vi leitar etter!
Som journalist i Storfjordnytt vil du vere ansvarleg for å dekkje lokale hendingar, arrangement og nyheiter i Storfjord og nærliggjande område. Det vil også seie at det vert noko kvelds- og helgearbeid (stillinga inngår i helgeturnusen vår).
Arbeidsoppgåvene vil inkludere, men ikkje vere avgrensa til:
- Research og intervju for å skape informerande og engasjerande nyheitsartiklar.
- Skriving og redigering av artiklar på nynorsk.
- Fotografering og levande bilete for å berike nyhetsdekninga.
- Oppfølging av saker frå idéstadiet til publisering.
Vi søkjer ein kreativ, nysgjerrig og sjølvstendig journalist.
Ønskte kvalifikasjonar:
- Om du har utdanning eller erfaring innan journalistikk, kommunikasjon eller tilsvarande, er det ein fordel, men ikkje eit absolutt krav. Det viktigaste er dei personlege eigenskapane dine.
- Evne til å jobbe effektivt under tidspress.
- Gode samarbeidsevner og kommunikasjonsevner.
- Erfaring med fotografering/levande bilete er ein fordel.
- Lokalkunnskap eller evne til raskt å setje seg inn i lokale forhold.
- Den redaksjonelle målforma er nynorsk.
- Du må ha førarkort og disponere bil.
Vil tilbyr:
- Ein spennande jobb i eit lokalt mediehus med sterke røter i lokalsamfunnet.
- Moglegheit til å påverke lokalnyhetsdekninga og bidra til å styrkje demokratiet.
- Eit arbeidsmiljø med stor takhøgde, mykje engasjement og godt humør.
Om bedriften
Storfjordnytt er ei lokalavis som dekkjer alle bygdene i Fjord kommune, i tillegg til Geiranger og Liabygda som høyrer til i Stranda kommune. Redaksjonen er sentralt plassert i Valldal.
Vi er ein liten redaksjon med tre tilsette.
Målforma vår er nynorsk.
Storfjordnytt er ei av få lokalaviser som er att i landet som ikkje er det av eit konsern.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2520517
- Sist endret
27. januar 2024
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
e11be885-0f40-4785-bbca-24efc2a8f810