Helgestillingar - helse
Fjaler kommune har ledige helgestillingar på Fjaler sjukeheim, i heimetenestene og i arbeid med menneske med utviklingshemming.
Stillingane er frå om lag 10-20 % og høver godt for alle som har interesse av å jobbe med menneske.
Tilsetjing i stillingane vil skje fortløpande ved behov.
Arbeidsoppgåver
- Varierande oppgåver alt etter kva arbeidslag du jobbar i, men felles for alle arbeidslag er fokus på god pleie/omsorg.
Kvalifikasjonar
- Alle søkjarar må ha fylt 16 år.
- Det er ein føremon dersom du har fullført eller er under utdanning innan helse- og sosialfaglege yrke som t.d. sjukepleiar/vernepleiar/sosionom/helsefagarbeidar etc.
- Søkjarar til arbeid i heimetenestene må ha førarkort klasse B.
- Alle må levere politiattest og få godkjend MRSA- og tuberkulinerklæring før tiltreding.
Personlege eigenskapar
- Interesse for å arbeide med menneske
- Vere fleksibel
- Evne til samarbeid
Vi tilbyr
- Løn etter tariff og lokale lønsføresegner, der høgskulestudentar (innan helse- og sosialfag) vert løna utifrå kor langt ein er komen i studiet.
- Pensjonsopptening i KLP
- Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Camilla E. Valvik, Tlf: +47 57738015, Epost: cav@fjaler.kommune.no
Om bedriften
Fjaler kommune har om lag 2850 innbyggarar og utgjer ein del av HAFS-regionen med eit samla folketal på om lag 10500.
Vi har mange varierte og godt organiserte fritidstilbod innan kultur og idrett, samt gode skular og sørvistilbod.
UWC og Dalsåsen kunstnarsenter har i mange år tilført Fjaler kommune internasjonale impulsar. Det har gjort fjalerfolk trygge på å ta godt i mot nye innbyggarar i eit ope samfunn omgitt av fjord- og fjellvakker natur.