Undervisningspersonell Gjelsvik skule
Org.nr.:975276376 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Gjelsvik skule er ein 1-10 skule med ca 60 elevar. Skulen ligg i pendlaravstand frå Førde (32 km) og Askvoll (34 km) og er samlokalisert med Gjelsvik barnehage. Skulen deltek i satsinga "Inkluderande barnehage- og skulemiljø" og har spesielt fokus på læringsmiljøet.
Skulen har frå 01.08.19 ledig følgjande undervisningsstillingar:
- 100% fast stilling
- inntil 70% stilling - årsvikariat
- inntil 80% stilling - vikariat fram til 19.12.19
Arbeidsoppgåver:
- Ordinær undervisning både på barne- og ungdomssteget
Kvalifikasjonar:
- allmennlærar, men andre med godkjent pedagogisk utanning kan og søkje
- ønskjeleg med brei fagleg kompetanse innan eit eller fleire av basisfaga engelsk, norsk, matematikk samt kompetanse innanfor musikk, kroppsøving eller naturfag.
Personlege eigenskapar:
Vi søkjer deg som er
- engasjert og målretta
- fleksibel
- lagspelar og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- tydeleg og kan motivere
- interessert i å utvikle seg sjølv og arbeidsplassen og evnar god klasseleiing
Skulen ønskjer tilsette som har god kompetanse innanfor område som IKT, relasjonsbygging, vurdering, tilpassa opplæring og inkludering.
Vi tilbyr løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Tilsetjings skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Pensjonsmedlemsskap i Statens Pensjonskasse. Politiattest og tuberkulinattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjing. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: Gjelsvik skule, Siv Karin Flatjord, Tlf: +47 57730741, Mobil +47 99168057, Epost: siv.karin.flatjord@askvoll.kommune.no
Om bedriften
Gjelsvik skule er ein 1-10 skule med ca 47 elevar. Skulen ligg i pendlaravstand frå Førde (32 km) og Askvoll (34 km). . Skulen er samlokalisert med Gjelsvik barnehage