Miljøterapeut
Byglandsfjord Oppvekstsenter består i dag av barnehage med to avdelingar, SFO og skule med 1.-7. klasse. Vi søker etter ein person med god kompetanse om barn med utfordrande åtferd. Du kan vere pedagog, vernepleiar, sosionom, eller ha anna relevant utdanning/erfaring. Du blir ein del av eit team som primært arbeidar opp mot enkeltbarn, men kan òg bidra i arbeid med skulemiljø. Stillinga er 73,33 %, til 31.12. med moglegheit for forlenging.
4741 Byglandsfjord
Referansenr.:4546599097
Stillingsprosent: 73,33%
Vikar
Startdato: 08.08.2022
Sluttdato: 31.12.2022
Søknadsfrist: 08.08.2022
Arbeidsoppgåver
- Støtte opp om skulens pedagogiske tilbod, i samsvar med lover og forskrifter.
- Bidra til at tilbodet til elevar blir heilskapleg og i tråd med faglege tilrådingar, samt læreplan.
- Forsterke opplegg for enkeltelevar.
- I samarbeid med kontaktlærar ha medansvar for elevar sitt tilbod, slik som planlegging av tiltak og aktivitetar i tråd med læreplan og særskilde planar.
- Utføre planlagde aktivitetar saman med elevar etter oppsett plan.
- Delta i omsorgsarbeid for elevar, som til dømes oppfølging i friminutt.
- Til stillinga kan også være arbeid i SFO.
- Planlegge og evaluere eige arbeid og elevars utvikling i samsvar med individuell opplæringsplan
- Delta på personalmøte, samarbeidsmøte og møte kring elevar, t.d. ansvarsgruppemøte
- Delta på kurs og planleggingsdagar i skulen etter avtale.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning kan vere lærar, barnehagelærar, sosionom, barnevernspedagog, vernepleiar eller liknande.
- Erfaring med tilsvarande arbeid er ein føremon
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Krav om gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader ved oppstart.
- Må ha førarkort.
Personlege eigenskapar
- God til å kommunisere med, og bygge relasjon til elevar og elevgrupper.
- Godt humør og gode samarbeidsevner.
- Evne og vilje til utvikling og endring.
- Fleksibel og evne til å sjå løysingar.
- Sjølvstendig.
- Menn oppfordrast til å søkje
Vi tilbyr
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver.
- Ein triveleg arbeidsplass med dyktige kollegaer.
- Flotte uteområde med kort veg til fjord og fjell.
- Lønn etter tariff.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (klp).
- Kommunen har bedriftsavtale med Sørlandsparken tverrfaglege helse.
Kontaktinformasjon
Hind Helene Harira, Tenesteleiar, 48180180, hind.helene.harira@bygland.kommune.noArbeidsstad
Setesdalsvegen 20124741 Byglandsfjord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Bygland KommuneReferansenr.:4546599097
Stillingsprosent: 73,33%
Vikar
Startdato: 08.08.2022
Sluttdato: 31.12.2022
Søknadsfrist: 08.08.2022
Om bedriften
Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplasser der kommunen sine verdiar – stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal - står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.