Engasjement i studieadministrasjonen - st. nr. 34/2019
Jobbnorge ID: 173151
Om stillinga
Høgskulen i Volda lyser ut eit engasjement som rådgivar der den som blir tilsett skal ha koordineringsansvar for NOKUT-tilsynet med høgskulen sitt kvalitetsarbeid. Stillinga er knytt til studieadministrasjonen og skal vere i 100 % frå 1. oktober 2019 til 31. mars 2020. Engasjementet kan verte forlenga. Ved evt. tilsetjing av interne søkjarar, kan tilsetjing i andre arbeidsfelt og stillingskoder bli aktuelt.
Arbeidsoppgåver
Stillinga har koordineringsansvar for NOKUT-tilsynet med høgskulen sitt kvalitetsarbeid. Kvalitetsarbeidet skjer i stor grad i avdelingane og dette prosjektet vil gripe djupt inni organisasjonen. Vi ynskjer difor eit smidig prosjekt med forankring i avdelingane og leiinga.
Prosjektkoordinatoren rapporterer til ei styringsgruppa som består av prorektor (leiar), alle dekanar og studiedirektør.
Stillinga som prosjektkoordinator omfattar mellom anna:
. Koordinere arbeidet i samband med tilsynet
. Informasjonsarbeidet knytt til prosjektet
. Samle og samordne etterspurt dokumentasjon
. Kontaktperson for NOKUT
. Oppdatere nettsidene og anna informasjon om kvalitetsarbeidet
. Gi innspel til revisjon av kvalitetssystemet
Arbeidsfelta kan verte endra.
Kvalifikasjonar
. Relevant høgare utdanning på masternivå og utdanning innanfor prosjektarbeid. Lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanning.
. Gode språk- og skrivekunnskapar i nynorsk.
. Erfaring med dokumenthandtering.
. Digital kompetanse og praksis frå arbeid med nettsider.
. Relevant praksis og kjennskap til kvalitetsarbeid er ein fordel.
. Relevant praksis og kjennskap til universitets- og høgskulesystemet, og/eller utdanningsinstitusjonar er ein fordel.
Personlege eigenskapar
. Du er ryddig, strukturert og fleksibel
. Du har gode evne til samarbeid og kommuniserer godt med menneske i ulike funksjonar og med ulik kjennskap til kvalitetsarbeid
. Du er kreativ og løysingsorientert
. Du arbeider godt sjølvstendig
Ved vurdering av søkjarane vil dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga bli tillagde stor vekt.
Vi kan tilby
. Eit spanande arbeidsmiljø med stor breidde
. Ei stilling som gir høve til å bidra til at Høgskulen får godkjent sitt kvalitetsarbeid.
. Høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar.
Løn etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn i denne stillingskoda ved Høgskulen i Volda: rådgivar 1434 frå kr 472 300 - 611 000.
Generell informasjon
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av for eksempel alder, kjønn, funksjonsnedsettelse, hol i CV, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi gjer søkjarar som oppgir at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV merksam på at denne opplysinga kan verte brukt til registreringsføremål knytt til regjeringa sin inkluderingsdugnad.
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Søkjarar kan verte kalla inn til intervju. Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
I samsvar med Offentleglovas § 25 kan søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Søkjarar som ønskjer å reservere seg, må under <<søknad>> hake av for <<Er det grunnlag for å bli unntatt offentligheit, jfr. Offentlighetsloven>> samt grunngi søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet på søkjaren skal offentleggjerast. Søkjaren blir varsla dersom ønsket om unntak ikkje blir tatt til følge.
Om søknaden
Søknad og all dokumentasjon skal sendast elektronisk igjennom rekrutteringssystemet Jobbnorge der du registrerer søknaden, vedlegg og informasjon om utdanning og arbeidserfaring. Vi ber også om at du oppgir referansar med kontaktinformasjon. Søknaden skal gi eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis. Søknader eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post eller i vanleg postgang til høgskulen.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle dokument/filer er lasta opp innan søknadsfristen. Søknaden vert vurdert med den informasjonen som ligg føre elektronisk i Jobbnorge. Vedlegg skal lastast opp som separate filer i eit format som kan leggjast ved elektronisk; PDF, PMG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstig 30 MB, må dei komprimerast før dei vert lasta opp. Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila.
Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:
- vitnemål og attestar
- CV
Søknadsfrist: 10. august 2019
Kontakt
Spørsmål kan rettast til studiedirektør Gonnie Smit, tlf. 70075050 eller 41101024,direktør Per Halse, tlf. 70075146 eller seniorrådgivar Ragnhild Paulsen, tlf. 70075025 eller 90634665.
Kva er det beste med Volda?
Studentar og bygdefolk fortel kva dei synest er det beste med Volda. Produksjon: Chris-Håvard Berge
Video: https://www.youtube.com/watch?v=61Me2JOrMgQ
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4000 studentar og 350 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.