Overstyrmann i turistrute Geirangerfjorden
Fjord1 AS
6418 Sekken
Om jobben
Stillingstittel
Overstyrmann i turistrute Geirangerfjorden, p.t MF Bolsøy og MF Veøy
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Skift
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
The Fjords har ledig som overstyrmann i turistrute Geirangerfjorden, p.t MF Bolsøy og MF Veøy.
Tilsetting etter avtale.
MF Veøy seglar i turistrute mellom Geiranger og Hellesylt. Geirangerfjorden er ein dei mest besøkte turistattraksjonane i Noreg, og er på UNESCO si verdsarv liste. Med MF Veøy seglar du mellom høge fjell og mektige fossefall, som gir ei fantastisk fjordoppleving både for turistane og mannskapet.
Arbeidsoppgåver
- Leiar for dekksavdeling
- Avløysar for skipsførar
- Ettersyn på navigasjonsutstyr
- Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig
- Treffe avgjersler som ikkje kan utsetjast ved skipsførar sitt fråfall
- Oppdatering og ajourhald av vedlikehaldssystem for dekk
- Opplæring, utvikling og trening av personell
- At mannskapet har riktig verneutstyr
- At passasjerane vert behandla på ein høfleg måte
- At kommunikasjonsutstyr er i orden
- At lasting og lossing vert utført forsvarleg og effektivt
Kvalifikasjonar
- Minimum D3-sertifikat
- ROC/GMDSS-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve kvalifikasjonsføreskrifta
- Gyldig helseattest
- Krise- og passasjerhåndteringskurs
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt
- Fokus på gode kundeopplevingar
- Godt humør
- Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
- God kommunikasjonsevne
- Fordel å beherske engelsk språk
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Skiftordning 2 veker på, 2 veker av
- Bur om bord
Kontaktinformasjon
Sigrunn Hellebust, Bemanningskoordinator, sigrunn.hellebust@fjord1.noArbeidsstad
Hellesylt
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: The FjordsReferansenr.: 4775972422
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.03.2024
Om bedriften
The Fjords er eit moderne og innovativt rederi som fraktar turistar på norske verdsarvfjordar med blant anna heilelektriske, utsleppsfrie fartøy. Selskapet styrkar fjordopplevinga for dei mange turistane som besøker Fjord-Norge, med fokus på fornying av materiell og produktutvikling.
The Fjords har fått stor merksemd både internasjonalt og nasjonalt på bakgrunn av dei unike fartøya, Vision of The Fjords, Future of The Fjords og Legacy of The Fjords. Desse fartøya er spesialbygde for sightseeing på norske fjordar, og designet er inspirert av fjellstiar langs fjorden.
The Fjords er til stades på Geirangerfjorden, Nærøyfjorden, Hardangerfjorden og Oslofjorden.
The Fjords er i ein vekstfase og har store ambisjonar. Etableringa av selskapet er ei viktig og langsiktig satsing der faktorar som miljø og berekraftig utvikling står sentralt.
The Fjords er eigd av Fjord1 ASA og Norway’s best AS, to selskap med brei kompetanse innen maritim næring og reiseliv.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2579197
- Sist endret
18. mars 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
765f03830b734465b63f71d587fde49a