Reinhaldsoperatør/Reinhaldar
Reinhald FSS, Helse Førde
Førde sentralsjukehus, 6812 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Reinhaldsoperatør/Reinhaldar
Oppstart
3. mars 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. desember
Reinhalds- og tekstilavdelinga i Førde har 35 årsverk, og har som oppgåve å levere reinhalds- og tekstiltenester til avdelingar ved Førde sentralsjukehus. Arbeidet vil foregå i Helse Førde sin bygningsmasse i Førde. Arbeidstida vil vere i ulike vaktskift innanfor tidsrommet kl. 06:00-21.30 på kvardagar. Det må også påreknast arbeid kvar 3.helg og på høgtidsdagar i løpet av året. Dersom det i framtida vert endring i driftsmessige tilhøve, vil arbeidstid endrast i tråd med lov og avtaleverk.
Det er ønskjeleg at det i søknaden vert oppgitt dato for forventa oppstart i stillinga.
Fint om dokumentasjon på ansiennitet ligg ved søknden.
Arbeidsoppgåver
Dine arbeidsoppgåver vil være:- Dagleg reinhald av ulike romkategoriar i sjukehuset
- Planlegging og utføring av periodisk reinhald
- Maskinelt reinhald
- Kunnskap om vedlikehald av golv
- Smittevask
- Operasjonsreinhald
Kvalifikasjonar
Vi vil at du skal:- Ha fagbrev som reinhaldsoperatør, eller ha røynsle frå reinhaldsfaget
- Ha gode norskspråklege kommunikasjonsevner
- Kunne nytte elektroniske kommunikasjonsverktøy i ditt dagleg reinhaldsarbeid
- Kunne planlegge og gjennomføre periodisk reinhaldsarbeid
- Kunne nytte reinhaldsamaskiner av type "sitte på"/"gå bak"
- Kunne utføre periodisk vedlikehald av golv
- Ha kjennskap til prosedyre for smitteutvask.
- Ha kjennskap til prosedyre for operasjonsreinhald
- Det vil være ein fordel om du har kjennskap til Nasjonale standarer for reinhaldskvalitet.
Personlege eigenskapar
Vi vil at du skal:
- Være stabil, punktleg og påliteleg
- Kunne jobbe sjølvstendig og i team
- Ha interesse for at arbeidet som du utfører er av god kvalitet
- Kunne jobbe målretta i krevjande situasjonar
- Være samarbeidsvillig, mottar og tilbyr hjelp
- Bidra til bygging av eit trygt og positivt arbeidsmiljø i avdelinga
Vi tilbyr
- Opplæring
- Triveleg arbeidsmiljø
- Lønn etter gjeldande avtaler og regelverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Elin Høyland, Husøkonom, +47 578 39 378Arbeidsstad
Førde sentralsjukehus6812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4884465173
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 03.03.2025
Søknadsfrist: 01.12.2024
Kontaktperson for stillingen
Elin Høyland
Husøkonom
+47 578 39 378
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2789769
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c596700bd8b54cef9f8d246cbd7e5461