Ny medarbeidar Vang legekontor
Ein av våre trufaste medarbeidarar skal gå av med pensjon; er DU vår nye kollega i 60% stilling?
Vang legekontor har tre fastlegar og tre medarbeidarar. Me har eit aktivt og spennande fagmiljø med legevakt på dagtid. Legekontoret er samlokalisert med helseavdelinga, som legg eit godt grunnlag for godt tverrfagleg samarbeid.
Arbeidsoppgåver
Som medarbeidar ved Vang legekontor jobbar du både med labteneste, sentralbord/telefon/skranke, assistering på skadestove / ved undersøkingar, tilrettelegging for fastlegane.
- vurdere hastegrad når pasientane kontaktar legekontoret
- pasientretta aktivitet: EKG, spirometri, blodprøver, stell av sår og liknande
- administrere timebøker
- yte praktisk hjelp til legane ved behov
- kontorarbeid knytt til verksemda
- hovudansvar for IKT og systemoppfølging på legekontoret
Kvalifikasjonar
Me søkjer etter deg som
- er sjukepleiar eller har annan relevant helsefagleg høgskuleutdanning kombinert med relevant erfaring
- har relevant erfaring frå akuttmedisin, spesialisthelseteneste, prehospitale tenester eller kommunehelsetenesta.
- har god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne.
Du bør i tillegg ha:
- kunnskap om bruk av relevante datasystem
- evne til å opparbeide god dataforståing
Personlege eigenskapar
Me ynskjer deg som er
- lærevillig
- er god på samarbeid
- strukturert og effektiv
-og som trivs med høgt tempo og varierte arbeidsdagar
Vi tilbyr
- eit triveleg arbeidsmiljø
- tverrfagleg samarbeid
- nye utfordringar kvar dag
- gode kollegaer som gjerne hjelper deg
- løn etter tariff og arbeidsvillkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- gode pensjons- og forsikrlingsordningar
Kontaktinformasjon
Mari Kaspersen, Leiar legekontoret, 61369500, mari.kaspersen@vang.kommune.noArbeidsstad
Tyinvegen 51502975 VANG I VALDRES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vang KommuneReferansenr.:4607475073
Stillingsprosent: 60%
Fast
Søknadsfrist: 06.02.2023
Om bedriften
«Vestlandsfjell og Austlandsklima» er den slåande kombinasjonen som gjer Vangsnaturen unik. Når vangsgjeldingen i tillegg er kjent for eit godt lynne er resultatet ei fjellbygd av sjeldant godt merkje lengst vest i Valdres. I Vang finn du mykje av Jotunheimen, delar av Skarveheimen, fiskevatn, stølar, skiterreng, jaktterreng og all den plassen du kan ynskje deg av eit villmarksområde. Du finn også jordbruk, turisme og gründerar i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. Vang er sentralt på ein litt usentral måte, det er 250 kilometer til både Oslo og Bergen og noko lenger til Trondheim. Altså er du midt i smørauget sør i Noreg i ein kommune som har framtidstru og satsar på gode kommunale tenestar på alle område: Nemnast kan nyrenovert skule med fleirbrukshall og eit rikt kulturliv.
Vang kommune er opptatt av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Vi gjer merksam på at søkarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.