Sjukepleiar - Medisinsk poliklinikk, fysioterapi og kontor
Vi har ved Volda sjukehus, Seksjon for Medisinsk poliklinikk, fysioterapi og kontor, ledig fast 100% stilling for sjukepleiar. Stillinga er ledig frå 08.04.2019.
**Stillinga er fordelt slik:
- Medisinsk sengepost, 3. kvar helg: 20 %
- Medisinsk poliklinikk, opp til 80 %. Avhengig av evt interne søkarar kan denne prosenten bli justert ned.**
Medisinsk avdeling har 130 medarbeidarar, og Medisinsk poliklinikk, Fysioterapi og Kontor har ca 24 årsverk fordelt på sjukepleiarar, fysioterapeutar og merkantilt personale. På Medisinsk poliklinikk tilbyr vi tenester innnanfor eit vidt medisinsk spekter. Vi har sjukepleiedrivene poliklinikkar innan m.a. fagområda hjerte, lunge, mage/tarm og hud. Dei tilsette er svært engasjerte og mange har spesialisering innan sitt fagfelt. Medisinsk sengepost er ei generell indremedisinsk avdeling med akuttfunksjonar og antal årsverk på sengeposten er 57.
Avdelinga skal yte spesialisthelseteneste til Søre - Sunnmøre som har om lag 48 000 innbyggjarar i opptaksområde.
Volda sjukehus er ein av dei største arbeidsplassane i Volda kommune saman med høgskulen. Det er korte avstandar til dei andre bygdene/byane på Søre Sunnmøre og i Nordfjord og såleis har vi ein bu- og arbeidsmarknadsregion på om lag 65 000 innbyggjarar. Det er gode kommunikasjonar som t.d. Ørsta/Volda Lufthamn med fleire daglege flysamband til Bergen og Oslo. Sjukehuset ligg også sentralt til i høve til Hjørundfjorden og dei ville, vakre Sunnmørsalpane. Området vårt ei godt eigna til fjord- og fisketurar og fjellturar gjennom heile året. Til dømes byr dei majestetiske Sunnmørsalpane på alt frå enkle ruter og oppmerkte stigar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar, og ikkje minst fantastisk toppturar på ski. På Søre Sunnmøre er det også eit særs blomstrande kulturliv.
Arbeidsoppgåver
- Individuell oppfølging av pasientar
- Tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjend sjukepleiar
- Personleg eignaheit
Utdanningsretning
- Sykepleie
Personlege Eigenskapar
- Vi søkjer ein kollega med engasjement og arbeidsglede, som ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre.
- God kompetanse, god kommunikasjon, samarbeidsevne og positive haldningar vert vektlagt.
Vi tilbyr
-
Utfordrande arbeidsoppgåver, i eit godt fagmiljø med trivelege kollegaer
-
Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
-
Samhandling med mange fagmiljø
-
Spanande og variert arbeid
-
Tilsettingsvilkår etter gjeldande retningsliner
-
Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring.
-
Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no.
Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastast opp som vedlegg til din CV
-
For meir informasjon om helseforetaket eller vår region, sjå Helse Møre og Romsdal og Visit Møre og Romsdal
Kontaktinformasjon
Suzanne Aschehoug, Seksjonsleiar Medisinsk Poliklinikk, Fysioterapi og Kontor, 70058297, suzanne.aschehoug@helse-mr.no
Therese Moltudal, Seksjonsleiar Medisinsk sengepost, 70058366, Therese.Heggedal.Moltudal@helse-mr.no
Arbeidsstad
Volda
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Helse Møre og Romsdal HF
Ref. nr.:2019/1227
Stillingsbrøk: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.03.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4027035551&company_id=1699673050&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape <>. Vår visjon er å vere 'På lag med deg for helsa di'. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt ni behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. <> er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.