Kreativ og samarbeidsvillig Grafikar med kompetanse innan profileringsfaget
Næringslivet på Sunnmøre er i medvind og det betyr auka oppdragsmengd for oss i Furene og innan Gravering og Profilering i Dragsund. Furene AS er ei Arbeid og Inkluderingsbedrift og du må like å jobbe med, for og ilag med ulike menneske. Vi ynskjer å sjå moglegheiter for den enkelte og verksemda, som igjen er med å skape ein god arbeidsplass med eit godt arbeidsmiljø.
Hva vi ser etter
Vi treng ein medarbeidar med grafisk kompetanse innan profileringsfaget
Vi er ute etter deg med grafisk kompetanse, stå på vilje og gode samarbeidsevner til vår profileringsavdeling. Vi leverer i dag produkt og tenester til bedrifter, lag og organisasjonar på Søre-Sunnmøre. Det er eit stort spenn i vår produksjon, frå trykksaker som visittkort og brosjyrer, til arbeid med vindusdekor og fasadeskilt.
Kvalifikasjonar:
- Utdanning innan grafisk design
- Relevant erfaring
- Kunnskap innan Adobe pakka
- God på kommunikasjon og ha god formuleringsevne på norsk og gjerne engelsk
- Ansvarsfull, strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert
- Kan og likar jobbe i team
- Er klar for ei utfordring
- Kunne rettleie andre; både kollegaer, lærlingar og tiltakstilsette.
Arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgåver vil vere:
- Grafisk arbeid
- Kundekontakt, oppfølging av kundeportefølje og sal.
- Koordinering opp imot kundar, leverandørar og montørar.
- Delta i produksjon og montering.
Vi tilbyr
Furene AS kan tilby:
- Spanande arbeidsoppgåver i eit godt fagleg og sosialt miljø
- Moglegheiter for å vere med å utvikle avdelinga digitalt
- Løn etter avtale
- Pensjonsavtale og gode velferd og forsikringsordningar
- Aktivt trivselslag
For stillinga er der krav om førarkort i klasse B og ved tilsetting må det synast fram godtkjent politiattest.
Om du vil vite meir om oss i Furene er det berre å ta kontakt med avdelingsleiar Børge Sætre på tlf. 95 74 37 08, eller personalleiar Gro-Lise M Rise tlf. 97 48 70 94
Søknadar skal sendast til gro-lise.rise@furene.no - merk søknaden: Ledig stilling Dragsund
Om bedriften
Furene sitt samfunnsoppdrag er å styrke den einskilde si tilknytning til arbeidslivet. Vi gjer dette gjennom tett oppfølging av arbeidssøkjar og eit stort nettverk av arbeidsgjevarar. Gjennom å sjå kvart menneske, syne respekt og vere truverdige i arbeidet, er vi med på å skape FRAMTIDSTRU
Furene AS har eit omfattande samarbeid med næringslivet på Søre Sunnmøre som eit ledd i inkluderingsarbeidet. Vi er også leverandør av varer og tenester til fleire store bedrifter på Søre Sunnmøre. Dette gir oss mange alternativ og stor grad av fleksibilitet for utprøving av arbeidstakarar i ulike typar arbeid, både internt i våre produksjonsavdelingar, og eksternt hos våre samarbeidspartnarar.