LEDIGE STILLINGAR SOM LÆRAR
Ulvestad Barneskule As
Haugevegen 12, 6133 Lauvstad, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærer
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100% og deltid 40%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest torsdag 6. mars
Send søknad til
Vi har totalt ledig ca. 140% i lærarstillingar frå 01.08.25, med moglegheit for fast tilsetjing i 80-100 %. Søkjaren må ha godkjend pedagogisk utdanning i relevante undervisningsfag. Undervisningskompetanse i matematikk er ynskjeleg.
Vi ser etter ein engasjert, kreativ og tydeleg lærar. Du er sjølvstendig, strukturert, ansvarsmedviten og målretta, og er villig til å samarbeide og engasjere deg i skulen sitt faglege utviklingsarbeid. Interesse for, eller erfaring med uteundervisning er ein fordel.
Du har:-
Gode kunnskapar i faga du skal undervise i, god klasseleiing og evne til å bygge gode relasjonar til elevane, føresette og kollegaer.
-
Evne til å trygge elevane og yte til eit trygt og godt læringsmiljø.
-
Profesjonsfagleg digital kompetanse.
-
Godt humør, trivst godt i selskap med born og er ein naturleg formidlar.
Vi kan tilby ei fin elevgruppe, eit godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer.
Lønsplassering og stillingskode vert fastsett ved tilsetjing. Dei som vert tilsette må legge fram gyldig politiattest.
Fleire opplysningar får du ved å ta kontakt med rektor Bjørn Breivik post@skulen.no tlf. 70055233/ 90878813 eller styreleiar Hans Ivar Langvatn haivar@online.no tlf. 91852575.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.
Søknaden sendast til post@skulen.no CV, vitnemål, attestar og referansar leggjast ved.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Ulvestad barneskule er ein privat skule som ligg vakkert til på Lauvstad i Volda kommune. Skulen er tufta på tradisjonelle, kristne verdiar og med toleranse og respekt i sentrum. I innverande år har skulen 25 elevar og vi ventar vidare elevauke til neste skuleår. Klasseromsundervisning vert kombinert med varierte undervisningsopplegg utandørs. Gjennom m.a. tverrfaglege temaveker, turdagar og prosjektarbeid får elevane lære på ulike måtar og på tvers av alder.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2869670
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
df229d77-9cfc-4805-ade1-9a797a20d65d