Leiar dokumentsenter og servicetorg
Brenn du for informasjonsforvaltning og arkiv og ønsker å skape betre og smartare tenester?
Ulstein kommune har fleire gongar blitt kåra som ein av dei mest opne kommunane i landet. Fagområdet er i stor utvikling og vi treng ein utviklingsorientert leiar til å styre oss vidare. Saman skaper vi framtidas kommune!
Arbeidsoppgåver
Som leiar for dokumentsenter og servicetorg vil du ha drifts- og fagansvar for arkivtenesta, politisk møtesekretariat og innbyggartorget/servicetorget. Du vil vere tilsett i sektor organisasjon og utvikling og vil vere ein nøkkelressurs i kommunen sitt digitaliserings- og kvalitetsutviklingsteam.
Avdelinga har i dag 5 medarbeidarar.
Du må rekne med endringar i stillinga, i takt med at kommunen utviklar seg. Stillinga rapporterer til kommunalsjef organisasjon og utvikling.
Dine ansvarsområde vil kunne vere
- økonomi- og personalansvar for avdelinga
- daglege driftsoppgåver som innsynskrav, journalføring og kvalitetssikring
- drifte og utvikle kommunen sine kommunikasjonskanalar, som postmottak, sentralbord, skjema og innbyggartorg/servicetorg
- forvaltning og utvikling av innsynsløysingar
- systemadministrasjon og brukarstøtte i sak- og arkivsystemet Acos WebSak+ og Acos Møte+
- forenkling og digitalisering av arbeidsprosessar
- dokumentasjonsstrategi og bevarings- og kassasjonsplan
- arkivfagleg rådgiving
- informasjonssikkerheit
- ordning, uttrekk og avlevering av historisk arkivmateriale
- utvikling av digihjelp
- digitalisering av politiske møte
- ta del i interkommunale faggrupper
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning innan t.d. arkivfag, dokumentasjonsforvaltning eller digitalisering
- Relevant arbeidserfaring frå offentleg forvaltning er ein fordel
- Erfaring som leiar, prosjektleiar eller tilsvarande
- Kjennskap til elektroniske sak- og arkivsystem og Microsoft365
- Flytande norsk skriftleg og munnleg
- Analytisk og heilskapstenkande
- Evne til å motivere, inspirere og vere tydeleg som leiar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- God forståing av teknologi og digitalisering
Personlege eigenskapar
- Du er aktiv, nysgjerrig og open for endring.
- Du er strukturert, nøyaktig og resultatorientert.
- Du jobbar godt både sjølvstendig og i team.
- Du er fleksibel og trivst i ein hektisk arbeidskvardag.
- Du er løysingsorientert med god gjennomføringsevne.
- Du er god til å prioritere.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø; aktivt, positivt og uformelt
- ein organisasjon med fokus på utvikling
- gode høve for personleg og fagleg utvikling
- god offentleg pensjonsordning
- fleksibel arbeidstid
- lønn etter avtale
Kontaktinformasjon
Monica Cecilie Torp, Kommunalsjef organisasjon og utvikling, +47 90743207Arbeidsstad
Sjøgata 636065 ULSTEINVIK
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Organisasjons- og utviklingsetatenReferansenr.: 4787008498
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.04.2024
Om bedriften
Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.