Bringedalsbygda barnehage - fagarbeidar 100% og 60%
Omtale av stillinga
Bringedalsbygda barnehage har grunna auke i barnetal ledig stillingar som fagarbeidar, mellombels 100% og 60% frå hausten 2022.
Bringedalsbygda barnehage er ein to-avdelingsbarnehage med plass til 38 barn. Vi held til i same bygg som skulen i bygda, med ei småbarnsavdeling og ei stor avdeling. Vi ser kor viktig det er for dei yngste borna å ha ei lita trygg gruppe som dei veks sakte, men sikkert ut av og inn i den store gruppa. Begge avdelingar har tilpassa tilbodet til barnegruppa etter interesser, alder og modning.
Vi jobbar med: Vera saman - kompetanseløft i barnehagen.
Fem kjerneverdiar:
- Vaksenstilen
- Tidleg innsats
- Kommunikasjon og samspel
- Handtering av utfordrande åtferd
- Implementering og organisasjonsutvikling
Språk og realfag er nasjonale satsingsområde som høver godt inn i det daglege livet i vår barnehage. Barna får begge fagområda tilpassa sine behov og ynskjer. Dei er med å påverke innhaldet i kvardagen sin på ein positiv måte.
Vi brukar heile bygda vår som ein del av barnehagtilbodet. Barnehagen har mange faste turplassar og område som vi brukar til leik, læring og kunnskapbygging om bygda og naturen vår. Vår tanke er at barnehagen er så langt barna klarar å gå til!
Vi vaksne jobbar etter visjonen: «Vår barnehage ynskjer varme og grensesettande vaksne med relasjonar som skapar trygge og nysgjerrige barn».
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging og støtte av barn/grupper
- Utviklingsarbeid i samsvar med overordna planar
- Delta i planlegging, gjennomføring og vurdering av aktivitetar/opplegg i samråd med pedagog
- Aktivitetar utanfor arbeidsplassen, til dømes ekskursjonar og turar
- Personleg stell og tunge løft kan inngå i stillinga
Kvalifikasjonar
- Ynskjeleg med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget
- Relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning
- Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid med barn og unge
Personlege eigenskapar
- Er tydeleg og konsekvent som vaksen ovanfor barn og unge
- Er lærevillig og utviklingsorientert
- Bør ha gode samarbeidsevner, er positiv og møter kollegaer, barn, foreldre/føresette med respekt og forståing
- Er positiv, lojal og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Generell god helse
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
- Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Link til søknadsskjema: Send søknad