Lis 2-stillingar i kirurgi og Lis 3-stilling i karkirurgi
Kirurgisk klinikk, Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lis 2-stillinger i kirurgi og Lis 3-stilling i karkirurgi
Oppstart
1. februar 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest onsdag 1. januar
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, Kirurgisk klinikk, Avdeling for karkirurgi, har ledige stillingar som lege i spesialisering (LIS) i karkirurgi. Dette er ein unik moglegheit til å jobbe i ein av de mest avanserte og aktive karkirurgiske avdelingane i Noreg. Etter fullført spesialisering, vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.
Karkirurgisk avdeling diagnostiserer og behandlar eit breitt spekter av karkirurgiske tilstandar, inkludert open og endovaskulær kirurgi for aneurismer, carotiskirurgi, perifer karkirurgi og aksesskirurgi. Vi har eit tett samarbeid med intervensjonsradiologisk avdeling, thoraxkirurgi, kardiologi og traumesenteret, og vi deltar i mottak av multitraumatiserte pasientar. Vi er tertiærsenter for heile Vestlandet.
I det karkirurgiske forvaktssjiktet er det mogleg å delta som traumebakvakt når kompetansen tilseier dette, som inneber å ha passiv tilkallingsvakt ved traume etter endt tilstadetid.
I tillegg blir det oppretta eit eige generell-kirurgisk forvaktssjikt for LIS 2, med 10-delt vakt. Dei 10 LIS-ane fordelast med 2 LIS frå kvart av dei kirurgiske faga. Dette sjiktet har dagvakt og kveld/nattevakt med tilstadetid 24/7. To av dei faste stillingane vil vere knytt til dette sjiktet, og det er ein super moglegheit for LIS som ønsker å prøve ut kirurgifaget.
Avdelinga har eigen fagspesifikk forvaktsordning for LIS-legar fram til kl. 20 på kvardagar, som gir verdifull erfaring med akutte karkirurgiske problemstillingar. Den tredje stillinga er knytt til dette karkirurgiske forvaktssjiktet, som har 6-delt vakt med tilstadetid til kl. 20 på kvardagar og til kl. 15 laurdag.
Vi tilbyr eit strukturert utdanningsløp med fokus på fagleg utvikling og opplæring i både open og endovaskulær karkirurgi. Du vil også delta i forskings- og fagutviklingsaktivitetar, samt få rettleiing av erfarne overlegar som er dedikert til å sikre din kompetanseutvikling.
Arbeidsoppgåver
- Delta aktivt i utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar med karkirurgiske tilstandar
- Utføre og assistere ved elektive og akutte kirurgiske inngrep
- Delta i poliklinisk og dagkirurgisk verksemd
- Bidra til tverrfaglege team og samarbeid med andre spesialitetar
- Delta i vaktordning for karkirurgisk avdeling
- Få rettleiing og bidra til undervisning av medisinstudentar
- Vere ein aktiv bidragsytar til eit positivt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3-stilling i karkirurgi
- Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 kan òg søke og vil bli vurdert for vikariat dersom det ikkje er andre kvalifiserte søkarar
- Interesse for karkirurgi og eit ønske om spesialisering innan feltet
- Meistr norsk flytande, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Engasjert og motivert for fagleg utvikling
- Sjølvstende og trygg i akutte situasjonar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevnertrukturert, nøyaktig og ansvarsbevisst
- Bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø
- Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar i vurderinga av kandidatar
Vi tilbyr
- Eit strukturert utdanningsløp innan karkirurgi med fokus på både open og endovaskulær kirurgi
- Rettleiing og oppfølging frå erfarne karkirurgar
- Moglegheit til å delta i forskingsprosjekt og fagutvikling
- Eit sterkt og inkluderande fagmiljø
- Lønn etter gjeldande avtaleverk
- Moglegheit til å påverke eigen utvikling og bidra til avdelingas retning
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Espen Tyse Gubberud, Avdelingssjef, 97624606Arbeidsstad
Haukelandsveien 225009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4893454460
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.02.2025
Søknadsfrist: 01.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Espen Tyse Gubberud
Avdelingssjef
97624606
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2806276
- Hentet fra
talentech
- Referanse
759968b0d43241198fa554e16bcdf149