Helsefagarbeidar
Vaksdal kommune
Elvevegen 16, 5722 Dalekvam
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar helg
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Om stillinga
Ved bueining for funskjonshemma, i Elvavegen på Dale, ynskjer vi oss fleire dyktige kollegaer. Vi søkjer tilsette som er fagleg trygg og arbeidar godt sjølvstendig. Hjå oss er vi opne for kreativitet og engasjement for å saman finna dei gode løysingane i arbeidskvardagen. Vi treng å styrkja arbeidsstaben vår og har to ledige stillingar som helsefagarbeidar i 21%, med arbeid kvar fjerde helg.
Arbeidsoppgåver
- Sikre at tenestemottakar får kvalitativt gode tenester i tråd med gjeldande lovverk, vedtak og retningslinjer
- Gje god omsorg og hjelp til daglege gjeremål i heimen
- Medisinhandsaming utfrå kompetansenivå
- Kontakt og samarbeid med pårørande
- Dokumentere i fagprogram
- Andre delegerte oppgåver frå leiar
Krav til kompetanse
- Helsefagarbeidar, eller anna relevant fagbrev
- Søkjarar utan formell kompetanse kan òg verte vurdert. Skriv gjerne i søknad om du samlar timar og har ambisjon om å ta fagbrev
- Relevant erfaring frå liknande arbeid vil vere ein fordel
- Krav om godkjend politiattest
- Førarkort
Vi oppmodar fast tilsette som ynskjer stillingsauke om å søkje.
Personlege eigenskapar
- Du er ein person som evnar å gjere tenesta, tilsette og brukarar gode
- Du likar å arbeide sjølvstendig og å tek ansvar
- Er pålitelig og stabil
- Er god på kommunikasjon og evnar å samarbeid tverrfagleg
- Er løysingsorientert, med god gjennomføringsevne
Vaksdal kommune kan tilby
- Vi har godt arbeidsmiljø, dyktige folk i tenesta og gode ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving
- Vi gjev uteljing på lønn for relevant vidareutdanning
- Hos oss får du faglege og personlege utfordringar, og du får moglegheit til å utvikle deg saman med oss
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Individuell oppfølging
- Løn i tråd med tariffavtaleverk
Om bedriften
Vi tilbyr spanande moglegheiter for utvikling og karriere. Gjennom sitt engasjement bidreg våre tilsette kvar dag til at Vaksdal er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Vi er opptatt av innovasjon og er langt framme på digitalisering. Du finn oss sentralt, mellom Voss og Bergen. Det er enkelt å reisa hit med tog og bil.
Bueining for funksjonshemma er lokalisert i Elvevegen, i sentrum av Dale.
Vårt mål er å gje tenestemottakarane moglegheit til å leve og bu sjølvstendig, og til å ha eit aktivt og meiningsfullt tilvære, både individuelt og i fellesskap med andre. Personalgruppa i Elvevegen er samansett av vernepleiarar, førskulelærarar, helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidarar, aktivitørar, pleiemedarbeidarar og assistentar.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2618659
- Sist endret
6. mai 2024
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10205500