Sjukepleiar/helsesekretær
Høyanger kommune Legetenesta
Storgata, 6993 Høyanger
Om jobben
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Hovudkontoret til legane ligg i Høyanger tettstad. Det er sju legestillingar inkludert ei LIS- stilling og ei ALIS- stilling. Kontoret har hjelpepersonell som sjukepleiarar/helsefagarbeidar og laboratorium. I tillegg er det utekontor i Lavik som er ope to dagar i veka og på Søreide som er ope ein dag i veka som vert betjent med lege og hjelpepersonell frå hovudkontoret i Høyanger. Vi har moderne IKT- system og har eit godt arbeidsmiljø.
Vi har ledig 100% stilling - vikariat frå snarast og til april 2025. Arbeidstidsordning: dagtid.
Tenesta har utekontor tre dagar i veka Lavik/Sørsida der hjelpepersonell er med og den som vert tilsett må pårekne arbeid også på desse kontora.
Arbeidsoppgåver:
• Assistere lege ved konsultasjonar
• Oppfølging av pasientar som etter avtale med fastlege kan følgjast opp av sjukepleiar
• Triage av pasientar til legevakt
• Diabetessjukepleie - oppfølging av diabetespasientar
• Laboratorium/skiftstovearbeid/prosedyrar knytt til pasientbehandling
• Medikamenthandtering
• Posthandsaming/arkivering og anna førefallande kontorarbeid
Kvalifikasjonar
• Ønskeleg med utdanning/autorisasjon som sjukepleiar eller helsesekretær. Relevant erfaring er ein føremon.
• Førarkort kl B
• God digital kompetanse og evne til å setje seg inn i nye verktøy og være delaktig i den digitale utviklinga i samhandling med andre samarbeidspartnarar
• søkjarar må ha god munnleg/skriftleg kunnskap i norsk
Personlege eigenskapar
• er positiv, samarbeidsvillig og serviceorientert
• er målretta og arbeider systematisk, både sjølvstendig og i team
• trivst i ei utadretta rolle der du har mykje kontakt med pasientar
• fleksibel og har gode samhandlingsevner
• tek ansvar for eiga fagleg utvikling og medverkar til eit godt arbeidsmiljø.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
• Eit triveleg og hektisk arbeidsmiljø med aktive, engasjerte og dyktige kollegaer
• Sjukepleiar startar på 8 års ansiennitet. Ved 16 års ansiennitet 15 000 i lokalt tillegg.
• God pensjonsordning gjennom KLP
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2641072
- Sist endret
16. mai 2024
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3346241_178613_nn