Bli ein viktig del av kvardagen til våre bebuarar - ny spennande stilling på sjukeheim!
Vindafjord kommune Vindafjordtunet
Kårhusvegen 5, 5578 Nedre Vats, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Servicemedarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 6. januar
Me søker servicemedarbeidar i 100% stilling, med arbeid på dagtid måndag til fredag frå kl. 08.00 til kl. 15.30. Stillinga krev ikkje helsefagleg utdanning.
Er du ein omsorgsfull og engasjert person som liker å jobba med menneske? Ønsker du ein meiningsfull jobb kor du kan gjer ein forskjell i nokon sin kvardag? Då kan stillinga som servicemedarbeidar på sjukeheimen vår vera den perfekte moglegheita for deg!
Som servicemedarbeidar får du ein unik moglegheit til å vera tett på bebuarane, bidra til deiras velvære og skapa lysglimt i kvardagen. Du vil spela ei viktig rolle i å sikra eit trygt og hyggeleg miljø for våre bebuarar, og du vil saman med andre dedikerte kollegar jobba for å gjer kvardagen betre for dei.
Me søker etter deg som ønsker ein variert arbeidskvardag der du kan vera med å forma innhaldet i bebuaranes dag gjennom praktiske oppgåver og nærvær. Du vil vera ei viktig støtte i dei daglege rutinane og bidra til trivsel i både fellesarealer og på bebuarane sine rom.
Dette er ein givande jobb, og me ser etter deg som er løsningsorientert, ansvarleg, og har ein naturleg evne til å skapa gode relasjonar. Dersom du er positiv, påliteleg og har eit ønske om å gjer ein forskjell i andre sitt liv, vil me gjerna høyra frå deg!
Hovudarbeidsoppgåver:- Bestilla mat frå kjøkken.
- Dekkja og rydda av bord.
- Tilbereda og servera måltider.
- Henta middagstraller og klestraller.
- Halda orden på skyllerom, bebuararne sine rom, fellesareal, lager og kjøkken.
- Påfyll på lager og pasientrom.
- Reinhaldsoppgåver.
- Skylleromsarbeid.
- Eventuelt andre oppgåver innafor drift.
Arbeidsoppgåvene vil kunne endras ved behov.
Kvalifikasjonar:- Erfaring frå tilsvarande stilling eller arbeidsoppgåver vil vera ein fordel, men ikkje eit krav. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
- Du må beherska norsk godt, både skriftleg og munnleg. Søkarar frå land utanfor Skandinavia må ha bestått norskprøve på nivå B2 eller tilsvarande. Dokumentasjon må leggast ved søknaden.
- Gode haldningar og evne til etisk refleksjon.
- Trives med å jobba med menneske.
- Blid og ein god teamarbeidar.
- Jobbar målretta og sjølvstendig.
- Løysningsorientert og fleksibel.
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø.
- Har god ordenssans og er ryddig.
- Kreativ og engasjert.
- Ein jobb med meining og utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
- Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord)
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2810234
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3437055_229839_nn