Bladet Tysnes søker redaktør/dagleg leiar
Bladet Tysnes AS
Tysnes
Om jobben
Stillingstittel
Redaktør/Dagleg leiar
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vil du styra avis-skuta vår?
Brenn du for god lokalavisjournalistikk? Vil du vera med på å skriva historie kvar einaste veke? Bladet Tysnes er no på jakt etter ein dyktig og engasjert person til den viktige stillinga som redaktør og dagleg leiar.
Arbeidsoppgåver:
- Leiing av det redaksjonelle arbeidet
- Bidra med gode og engasjerte saker for avisa sine lesarar
- Overordna ansvar for drifta, inkludert personal- og økonomiansvar
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Relevant erfaring innanfor journalistikk/media
- Leiarerfaring er ønskeleg, men ikkje eit krav
- Evne til å motivera og inspirera andre
- God munnleg og skriftleg formidlingsevne
- Stor arbeidskapasitet og godt humør
Me tilbyr:
- Ein spennande og variert arbeidskvardag i eit pulserande lokalsamfunn
- Entusiastiske medarbeidarar
- Løn etter avtale
Har du spørsmål om stillinga? Ta kontakt med redaktør Øyvind Bjerkestrand, tlf. 936 25 240, eller styreleiar Elisabeth Anfinsen Seim, tlf. 982 51 612.
Søknad kan sendast til: elisabeth.seim@bi.no. Søknadsfrist: 2. april
Om bedriften
Bladet Tysnes er den leiande mediebedrifta i vakre Tysnes kommune. Avisa har eit høgt abonnementstal i høve til innbyggjartal, og er eit viktig bindeledd mellom fastbuande, utflytta tysnesingar og ferierande. Me gir ut papiravis éin gong i veka og publiserer kontinuerleg på nett. Redaksjonen held til i moderne lokale i Våge.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2593411
- Sist endret
3. april 2024
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
ddc99eb4-0bd6-4236-a577-1126d88b4fc0