Psykolog
Org. nr: - Stillingsident: 4406499928 Presentasjon av stillingen:
Nordfjord psykiatrisenter har ledig fast stilling for psykolog:
- 1x100% fast stilling ved Seksjon dag, som tilbyr poliklinisk behandling til mennesker med ulike psykiske lidingar og rusproblematikk.
For å kunne gje eit best mogleg tilbod, legg vi vekt på å ha tilsette med ulik formell kompetanse og erfaring. Psykiatrisenteret består av tre seksjonar: rus, døgn og dag.
Arbeidsoppgåver
- Vurdering, utgreiing og diagnostisering av pasientar med psykiske lidingar og rusavhengigheit
- Tilby og legge til rette for behandling ut frå den einskilde pasient sine behov
- Arbeid i tverrfagleg team
- Vi legg vekt på brukarmedverknad
- Samhandling og samarbeid med aktuelle samarbeidspartar i 1. og 2. linjetenesta
- Involvere og følgje opp pårørande
- Delta i utvikling av tenestetilbodet
- Psykologar er saman med legane med i tilsynsordninga for somatiske avdelingar ved Nordfjord sjukehus
- Ein må rekne med reiseverksemd og ambulant arbeid, dette innbefatte vakttelefon til ambulant team
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykologspesialist/ psykolog
- Klinisk erfaring og/eller interesse for arbeid med rusavhengigheit og psykiske lidingar
- Førarkort klasse B
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- Søkarar utanfor skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
Utdanningsretning
- Psykologi
Utdanningsnivå
- Profesjonsstudium
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert
- Interesse, motivasjon og engasjement for fagfeltet
- Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar
- Evne til å skape gode relasjonar
- Har gode samarbeidsevner og trivst med å jobbe tverrfagleg
- Fleksibel og evne til å vere løysingsfokusert
- Evne til å prioriter oppgåver i en hektisk kvardag
- Lyst til å utvikle deg saman med oss
- Personleg eigne vil bli vektlagt
Language
- Norsk
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande avtale
- Triveleg arbeidsmiljø med engasjerte, dyktige og erfarne kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- For ikkje- spesialister vert det lagt til rette for å fullføre spesialisering
- Bistand til å skaffe bustad, opplys i tilfelle om behov for dette i søknaden
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Anne-Karin Høgalmen, Seksjonsleiar NPS Dag, (+47) 578 64 588
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Førde
Referansenr.:4406499928
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.10.2021
Søknadsfrist: 29.08.2021
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på over 3 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.