Pedagogstillingar skuleåret 20/21 ved Jostedal skule
Det er ledig inntil 20 % fast stilling og inntil 80 % årsvikariat.
Me treng pedagogar som har GLU kompetanse 1.-7. trinn og fagkompetanse innan norsk og matematikk, musikk og kroppsøving.
Om bedriften
Jostedal oppvekstsenter avdeling skule har 28 elevar og fem lærarar i faste stillingar.
Visjonen til oppvekstsenteret er HJARTET I BYGDA. Me vil gje borna i Jostedalen ein trygg og lærerik oppvekst der dei kjenner personane og miljøet rundt seg så godt at dei tør å vere opne for samfunnet og verda rundt seg og har med seg eit solid fundament av kreativitet, kunnskap, nysgjerrigheit, sjølvstende, sosiale evner og relasjonar som gjev dei høve til å utvikle talent og interesser i ei verd som endrar seg stadig raskare.