ID 1678 Lønsmedarbeider -- Løn- og personalavdelinga
Det er ledig 80 % fast stilling som lønsmedarbeidar, med oppstart 14.06.21 Stillinga ligg inn under løn- og personalavdelinga og er ei støtteavdeling til alle einingane i organisasjonen, knytt til løn- og personalarbeid. Avdelinga består for tida av 10 tilsette og held til i Stord rådhus. I tillegg til Stord kommune, har avdelinga totalansvar for all lønsarbeid knytt til Sunnhordland interkommunale legevakt, Stord Hamn, Stord kyrkjelege fellesråd, Fitjar kommune og Fitjar kyrkjelege fellesråd.
Hovudoppgåver:
- Lønsføring
- Ulike trekkoppgåver
- Oppfølging/kontroll av timelister
- Registrering av ulike lønsbilag
- Andre løns- og personaloppgåver
Ynskja kvalifikasjonar:
- Bachelor/fagarbeidar innanfor økonomi/kontorfag.
- Erfaring frå lønsarbeid
- God rekneskapsforståing
- Kjennskap til fagsystemet Agresso vil vere ein fordel
- Gode datakunnskapar
- Me ynskjer ein sjølvstendig, løysingsorientert og fleksibel person som er ansvarsbevist, god til å samarbeide og kommunisere.
Me kan tilby:
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Gode forsikringsordningar.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Nærare opplysningar hos fagansvarleg løn Gerd Kristin Handeland tlf. 98851973, eller avdelingsleiar løn og personal Sverre Hagerup Sørensen tlf. 48607908.
Søknadsfrist: 07.03.21