Ledige undervisningsstillingar
Bømlo kommune
Leirdalen 1, 5430 Bremnes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ledige undervisningsstillingar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. mars
Vil du vera med å skapa inkluderande og trygge skulemiljø for våre elevar?
Bømlo kommune har ledige undervisningsstillingar frå 01.08.2025. Me ser etter lærarar som set elevane i sentrum og som er motivert til å gje dei best mogleg opplæring og bidra til deira vekst og utvikling ved å være raus, modig og engasjert.
Stillingane vil i hovudsak vera årsvikariat/vikariat i heiltids- og deltidsstillingar. Det er enno ikkje avklart på kva barneskular og ungdomsskular det vil bli ledige stillingar. Du vil likevel i søknaden få spørsmål om på kva skule du ynskjer stilling, og her kan du nemne fleire skular om du vil.
Me ser fram til å ha deg med på laget i Bømloskulen!
Meir utfyllande informasjon om skulane i Bømlo finn du her! Vil du sjå korleis me har det i Bømloskulen? Sjekk ut vår flotte videsnutt lenger nede.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning i barneskulen og/eller ungdomsskulen.
- Kontaktlærar/faglærar/spesialpedagog.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Pedagogisk kompetanse og undervisningskompetanse i minst eit av desse faga: matematikk, norsk, engelsk, samt i andre undervisningsfag og spesialpedagogikk. Framandspråk er etterspurd.
- Relevant erfaring er ein fordel.
Personlege eigenskapar
- God klasseleiar- og relasjonskompetanse.
- Utviklingsorientert og samarbeidsvillig.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Vi tilbyr
Bømloskulen tilbyr god kompetanse, nye/oppgraderte bygg med fine uteområde og tilgjengelege friluftområde. Me har godt IKT utstyr og skular som deltek i ulike utviklingsprosjekt, samt innarbeidde rutinar for tverrfagleg samarbeid med ulike hjelpetenester (BTI).
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Opplæringslova § 10-9.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med skulefagleg rådgjevar Kristine Sætre.
Kontaktinformasjon
Kristine Sætre, Skulefagleg rådgjevar, 953 66 282, Kristine.Saetre@bomlo.kommune.noNøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 4917574566
Stillingsprosent: 100, 80%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 16.03.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2857019
- Hentet fra
talentech
- Referanse
276e41c2212c4f6faac92ba90b0deb79