Sjukepleiar/vernepleiar 50% natt
Bjørgvin distriktspsykiatriske senter/ Bjørgvin psykose døgn, Helse Bergen
Tertnesveien 37, 5113 Tertnes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar / vernepleiar 50% natt
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i dag
Bjørgvin distriktspsykiatriske senter (DPS) er ein moderne og veldreven klinikk i Divisjon psykisk helsevern, Haukeland universitetssjukehus. Bjørgvin DPS gir psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggjarar i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy. Samt bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune.
Klinikken er delt inn i to fagområde; fagområde allmennpsykiatri og fagområde psykose, på Tertnes i Åsane. Du vil få tilbod om å jobba på psykose døgn.
Psykose døgn er ein døgnavdeling med 12 sengeplassar fordelt på 2 etasjar. Psykose sengepost tilbyr spesialiserte tenester til pasientar med psykoseproblematikk. Som har som mål å gi heilskapleg og skreddarsydd behandling som fremmar betring og livskvalitet for denne pasientgruppa.
Vi søker etter sjukepleiar eller vernepleiar i 50% stilling på natt til døgnavdeling psykose. Døgnavdelinga har ei høgt kvalifisert personalgruppe med sjuke- og vernepleiarar, helsefagarbeidarar og hjelpepleiarar. Der er også tilknytta overlege, psykologspesialist, psykolog, lege og sosionom. I tillegg har klinikken fysioterapeuter, musikkterapeut, kunst - og uttrykksterapeut og ernæringskonsulent , som gir tenester til seksjonane.
Arbeidsoppgåver
- Mottak og oppfølging av pasientar
- Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gje pasientar best mogleg opphald på avdelinga
- Opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette
- Arbeid på sengepost, førefallande oppgåver
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon
- Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
- Relevant arbeid frå fagfeltet
Personlege eigenskapar
- Du har gode relasjonelle evner
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt miljø
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du er punktleg og påliteleg
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Eit aktivt og trivelig arbeidsmiljø
- Interesanne arbeidsoppgåver
- Årsturnus med jobb kvar 4. helg
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Ellen Stalheim, Seksjonsleiar, 55957140Arbeidsstad
Tertnesveien 375113 Tertnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4893907724
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 23.12.2024
Kontaktperson for stillingen
Ellen Stalheim
Seksjonsleiar
55957140
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2807998
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c32899efee2a4cf7917855056989ece1