Undervisningsstilling
Bryne ungdomsskule, Time kommune
Sveinsvollsvegen 5, 4340 Bryne
Om jobben
Stillingstittel
Undervisningsstilling
Type ansettelse
Fast
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Bryne ungdomsskule ligg i Bryne sentrum, i gåavstand frå buss-/togstasjonen. Me har om lag 350 elevar og 55 tilsette. til neste år har me 5 parallellar på 8. trinn og 4 på 9. og 10. trinn.
Me er opptekne av at alle elevane og dei tilsette hos oss skal ha eit trygt og godt lærings- og arbeidsmiljø. Visjonen vår er at alle elevane skal ha lyst på livet og evne til å mestra det
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåvene er undervisning som legg til rette for fagleg og sosial læring for elevane våre. Du må lika å jobba i team både rundt klassar og rundt grupper av elevar.Kvalifikasjonar
- Du må ha pedagogisk utdanning med engelsk i fagkretsen. Det er ønskeleg med fleire fag i tillegg til engelsk
- Du må vera ein god klasseleiar
- Du må ha gode norskkunnskaper, munnleg og skriftleg
- Du må ha digital kompetanse
- Det er krav om politiattest til alle stillingar i skulen
Personlege eigenskapar
Du må vera glad i og lika å vera i lag med ungdom
Du må vera oppteken av at alle skal oppleva mestring og framgang både fagleg og sosialt
Du må ha stort fokus på inkludering
Du må trivast med samarbeid og med utvikling av eigen og andre sin praksis som lærar
Vi tilbyr
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter tariff/avtale
- Gode og fagleg dyktige kollegaer og eit arbeidsmiljø som er prega av godt humør, samarbeid og samhald
- Flotte elevar
Kontaktinformasjon
Elsa Djuve Jerstad, Rektor, +47 48057645Arbeidsstad
Sveinsvollsvegen 54340 Bryne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommuneReferansenr.: 4830380670
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.08.2024
Om bedriften
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 19 900 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er rundt 1 500 personar som har Time kommune som sin arbeidsgjevar
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2683860
- Sist endret
5. august 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8c51bc6333044a2b973076a2696b341f