2 x 100 % Sjukepleiar, ei fast stilling og eitt vikariat
Stillingsannonsen er inaktiv.Kvinnherad kommune Heimetenester nord
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Kvinnherad kommune er eit Noreg i miniatyr. Vi er omgitt av mektige fjell og idyllisk skjergard, og for deg som likar friluftsliv er dette ein god stad å leva. Kommunen byr på eit spanande næringsliv. Kulturlivet er mangfaldig; festivalar med tema innanfor mellom anna kammermusikk, rock, mytologi og fiske. Kvinnherad er eit samfunn med trivelege bygder som gjev gode og trygge oppvekstvilkår. Vi har kring 13 100 fastbuande i kommunen. Husnes er regionssenter med vidaregåande skule og handelssenter. Rosendal er turistbygda med administrasjonssenter og Noregs einaste baroni. Kommunen grensar til Hardanger og ligg i idylliske Sunnhordland, med Haugesund og Bergen som nærmaste byar.
Heimeteneste Nord, Gr. 1 søkjer sjukepleiarar i 100 % stilling. Ei stilling er fast, ei er i eit svangerskapsvikariat.
Tilsetjing i fast stilling : 01.01.23
Tilsetjing i vikariat: 01.04.23 - 01.09.24
Stillinga er i turnus med arbeid kvar 3. helg.
Arbeidet er ute i eigen heim til brukarane våre.
Det vert stilt krav om autorisasjon som sjukepleiar.
Du må ha sertifikat på bil og ha gode kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskaper:
God på samarbeid.
Tolmodig og empatisk med stor respekt for pasienten.
Evne til å skape tryggleik for pasienten.
Er trygg i pleiesituasjon og evnar å vera sjølvstendig.
Vi tilbyr Utfordrande oppgåver i ein til tider hektisk arbeidsdag.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML. Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP. Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Det er elektronisk søknad:
Eksisterande brukar
Er du allereie registrert i systemet, logger du inn med brukarnamn og passord. Om du ikkje huskar påloggingsinformasjonen din, trykker du på Gløymd passord under Logg inn med passord.
Ny brukar
Om du ikkje er registrert i EasyCruit tidlegare, opprettar du brukar ved å velja Ny brukar.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Heimetenester nord
Adresse
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sist endret: 21. februar 2023
Hentet fra: visma-easycruit
Referanse: 3073445_225981_nn
Stillingsnummer: dd15af10-f72a-431f-9937-35f32d031f74