Sommarvikariat som assistent innan Psykiatri
Helse Bergen
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen, Fjøsangerveien 36, 5053 Bergen, Blombakkane 75, 5354 Straume, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sommarvikariat som assistent innan Psykiatrisk 2025
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
6
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. mars
Haukeland universitetssjukehus er eit av landets største og mest avanserte sjukehus. Vi jobbar for å fremme helse og livskvalitet.
Kvar sommar treng vi mange flinke assistentar i arbeid og vi har ledige vikariat i sommar innan Divisjon Psykisk helsevern. Du må oppgi i søknaden kva for avdeling (ar) du ønsker å arbeide ved.
Du må kunne jobbe i arbeidsperioden som oppgitt og ein må kunne jobbe samanhengande i minimum 6 veker.
Det er ledige vikariat ved desse avdelingane:
* Regional sikkerheitspost (RS): Har behov i vekene 24-34. 2/3-delt turnus, 3. kvar helg. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke
* Lokal sikkerheitspost (LS): Har behov i vekene 24-34. 2/3-delt turnus, 3. kvar helg. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke
* Avdeling akutt psykose, Seksjon S3: Har behov frå juni. 2/3-delt turnus, 3 kvar helg
* Øyane DPS, Allmenn døgn: Har behov for 65% stilling på natt frå 09.06. til 17.08. og 50% stilling på natt frå 16.06. til 10.08.
* Kronstad DPS, Psykose døgn: Har behov frå 23 juni. 2 delt turnus, 3.kvar helg, vi har også behov for nattevakter anten kun på natt eller i 3-delt turnus
* Kronstad DPS, Allmenn døgn: Har behov frå 23 juni. 2 delt turnus, 3. kvar helg
Du kan lese meir om avdelingane ved å klikke på link i navnet eller på vår heimeside helse-bergen.no/avdelingar
Arbeidsoppgåver
- Du vil inngå i drifta ved avdelinga
- Du vil delta i eit tverrfagleg samarbeid om å gi pasientar og pårørande eit best mogleg opphald på avdelinga
Kvalifikasjonar
- Du må ha erfaring frå psykiatri/rus/miljøarbeid
- Du er under helsefagleg utdanning eller annan relevant utdanning
- Du må meistre norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er opptatt av at pasientane skal vere trygg på at dei får god pleie, respekt og omsorg medan dei er på sjukehuset
- Du har god arbeidsmoral, er opptatt av kvalitet i arbeidet og er fagleg engasjert
- Du har gode samarbeidsevner og godt humør
Vi tilbyr
- Introduksjon og opplæringsdagar
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Wenche Antonsen Larsen, Koordinator Bemanningssenteret, wenche.antonsen.larsen@helse-bergen.noArbeidsstad
Sandviksleitet 15036 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4926925515
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 09.03.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2870131
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3be5fe8f4edd4ed7ae534afceaa484ba