Helsefagarbeider
Medisinsk sengepost B Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Molde sjukehus, 6412 Molde
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeider
Oppstart
1. juli 2024
Antall stillinger
1
Medisinsk sengepost B har 20 senger fordelt på fagfelta infeksjon, kardiologi og geriatri. Vi tek imot både øyeblikkeleg hjelp og elektive pasientar. Det er ein flott arbeidsplass med stadig nye utfordringar og til tider høgt tempo.
- Vi har god opplæring av nytilsette, og her er det lov å vere ny lenge
- Du får opplæring og rettleiing av erfarne kollegaer undervegs
- Som helsefagarbeider får du opplæring i sjukepleieprosedyrer, slik at du avlaster sjukepleiaren
- Vi har fokus på pasientsikkerheit
- Fagdagar i turnus
- Her er arbeidsdagen prega av samarbeid, arbeidsglede og godt humør
Våren 2025 flytter vi inn i nytt flott sjukehus på Hjelset SNR, som er det nye akuttsjukehuset for innbyggarane i Nordmøre og i Romsdal.
Høyrast dette spennande ut, så ta gjerne kontakt om det er noko du lurer på!
Arbeidsoppgåver
- Stell og pleie av pasienten
- Oppfølging av ernæring, kunne betjene ernæringssonder og pumper
- Utføre NEWS
- Ta EKG
- Måle blodsukker
- Håndtering av telemetri
- Koble opp/ta ned klare infusjonsvæsker
- Samarbeid med andre faggrupper
- Utføre forefallande, fordelte oppgåver
- Gjere seg kjent med og holde seg oppdatert på seksjonen sine gjeldande prosedyrer og retningslinjer
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeider
- Gode skriftlege og muntlege norskkunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du er ansvarsbevisst og likar varierte utfordringar
- Du er fleksibel, strukturert, har god fagkunnskap og er løysingsorientert
- Du har evne til å jobbe i team, og samarbeide med andre faggrupper/profesjonar
- Du medvirkar til eit godt og trygt arbeidsmiljø
- Du har stor arbeidskapasitet og trivst i ein variert arbeidskvardag med periodevis høgt arbeidstempo
- Å vere personleg eigna blir vektlagt
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Mette Malme, Seksjonsleder, +4793451373, Mette.Malme@helse-mr.noArbeidssted
Molde sjukehus6412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4797253241
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.07.2024
Sluttdato: 20.06.2025
Søknadsfrist: 20.05.2024
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2617547
- Sist endret
21. mai 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
73a00280fea444d382d5bc51935c0934