Bygningsvernrådgjevar
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane
Mannhellervegen 643, 6853 Sogndal
Om jobben
Stillingstittel
Bygningsvernrådgjevar
Type ansettelse
Fast
Antall stillinger
1
Har du eit sterkt engasjement for bygningsvern?
Musea i Sogn og Fjordane søker etter bygningsvernrådgjevar i 100% fast stilling. Vi leitar etter deg som trivast i eit utviklande fagmiljø og som brenn for å ta vare på kulturhistoria i Sogn og Fjordane.
Om stillinga
Stillinga som bygningsvernrådgjevar vil ha varierte og spanande oppgåver i eit fagmiljø med unik kompetanse og erfaring. Stillinga vil ha dagleg arbeidsstad ved Dei Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum, men kan i ein oppstartsfase ha verkeområde i heile Sogn og Fjordane.
Sentrale arbeidsoppgåver:
- Gje fyrstegongs rådgjeving til eigarar og forvaltarar av eldre og verneverdige bygningar i Sogn og Fjordane
- Gje råd og rettleiing om lokale, regionale og nasjonale tilskotsordningar
- Vere primærkontakt mellom Musea i Sogn og Fjordane og relevante utdanningsinstitusjonar.
- Bidra til vedlikehald og forvalting av museet sine antikvariske bygningar saman med museet sine handverkarar
- Utforme søknadar og rapporteringar til vernemyndigheiter
- Delta i relevant nettverksarbeid
Utdanning og kompetanse:
- Relevant utdanning innan bygg og/eller bygningsvernrelaterte fag på høgskule eller universitetsnivå, eller anna relevant handverksfagleg utdanning. Relevant kompetanse og erfaring kan kompensere for manglande høgare utdanning
- Erfaring med rådgjeving og prosjektleiing
- Kunnskap om byggeskikk og arkitektur
- Erfaring frå kulturmiljøforvalting, kulturminnevern eller museum
- Interesse for og kjennskap til utdanningsstruktur og utdanningsmoglegheiter innafor byggeskikk og kulturminnevern
- God kjennskap til relevante lovar og regelverk innan bygningsvern og byggeprosjekt
- Erfaring med tilstandsvurdering, dokumentasjon, finansiering og søknadsskriving
- God munnleg og skriftleg formidlingsevne
- Reising i stillinga førekjem, og førarkort klasse B er eit krav
Vi søker deg som motiverast av å gjere antikvarisk bygningsarbeid i Sogn og Fjordane meir synleg og tilgjengeleg. Du må vere initiativrik og strukturert, med evne til å arbeide effektivt med høg fagleg kvalitet – både sjølvstendig og i samarbeid med andre.
Ekstern bistand og rådgjeving til private og kommunale eigarar og forvaltarar av antikvariske bygningar er ein sentral del av stillinga. Stillinga er plassert i avdeling for forsking og bevaring, og rapporterar til avdelingsdirektør.
Fleire fagbakgrunnar kan vere relevante for stillinga, og vi kjem derfor til å sjå på kvar søkar ut i frå ei heilskapleg vurdering av erfaring, kompetanse og personleg dyktigheit.
Kvifor skal du søke på stillinga?
Har du eit brennande engasjement for bygningsvern og bygningsantikvarisk arbeid, og trivst i ei koordinerande og rådgjevande rolle? Då kan denne jobben vere for deg!
Som bygningsvernrådgjevar vil du bidra til å ta vare på gamle og verneverdige bygningar i Sogn og Fjordane, bistå private og offentlege aktørar i arbeidet med å ivareta delar av kulturarven vår og jobbe tett saman med museet sine antikvariske handverkarar.
Hjå oss vert du ein del av eit fagleg nettverk, og du delar arbeidskvardagen din saman med eit dedikert og engasjert kollegium som alle brenn for å ta vare på kulturarven vår!
Om bedriften
Musea i Sogn og Fjordane driftar og utviklar tolv ulike museum mellom fjord og fjell i Sunnfjord, Nordfjord og Sogn. Årleg gjev vi nær 60 000 innbyggarar og tilreisande kunnskap og opplevingar innan kulturhistorie og kunst.
Samlingane våre spenner frå urban kunstscene til eldgamle bygningar og skikkar. Frå pulserande historiske kystsamfunn til malaren Nikolai Astrup sitt småbruk i Jølster. Frå lafta utedassar, eksport av kvernsteinar i vikingtida og Lord Slingsby, til ein Ford Escort frå 1980-talet og rykande ferske kunstinstallasjonar. Fortid og samtid.
Vi har 60 fast tilsette medarbeidarar, og fleire mellombels tilsette i sesong. Museumsvertar, museumspedagogar, museumsleiarar, konservatorar og handverkarar med fleire, jobbar på dei ulike musea.
Les meir om Musea i Sogn og Fjordane på vår nettstad www.misf.no
Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar om å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Søknad registrerer du via lenke på denne sida. CV, vitnemål og attestar skal du laste opp under "Vedlegg".
Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli kravd gjort offentleg.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2694485
- Sist endret
12. august 2024
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10217506