Sjukepleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4400951208 Presentasjon av stillingen:
Barne- og ungdomsavdelinga har ledig årsvikariat for sjukepleiar. Oppstart 2. august eller etter avtale.
- 80%: 60% stilling som sjukepleiar med ansvar innan diabetesomsorg på poliklinikken + 20% stilling på sengepost
- 80%: 40% stilling som sjukepleiar med ansvar innan diabetesomsorg på poliklinikken + 40% stilling på sengepost
Poliklinikken tilbyr medisinsk utredning av barn og ungdom mellom 0-16 år, og har kontrollar og oppfølging av barn med kroniske sjukdommar opptil 18 år. Barne- og ungdomsavdelinga arbeider med å heve aldersgrensa opp til 18 år for de fleste pasientgrupper gjennom prosjektet Ungdomsmedisin.. Dei mest vanlige sjukdomane vi behandlar er innan: Astma/allergi, diabetes/endokrinologi, mage-tarm, hjarte, nevrologi, nyre og urinveier, revmatologi, infeksjoner og nyfødtmedisin.
På sengeposten ligg barn frå nyfødd alder til 16 år (18 år) fordelt på to avsnitt. Personalet jobbar på tvers av avsnitta. Dei fleste innleggingane er akutt hjelp, men vi har også planlagde innleggingar.
Arbeidsoppgåver
- Vere koordinator for diabetesomsorga i Poliklinkk barn og unge samt Sengepost barn og unge.
- Følgje opp pasientar med diabetes når desse er til poliklinisk behandling, i samarbeid med
barnelege/LIS. - Ha ansvar for utføring og vidaresending av årskontrollar til Barnediabetesregisteret.
- Ha ansvar for behandlingshjelpemiddel som insulinpumpe og anna utstyr innan diabetesomsorga.
- Vere Koordineringsansvarleg for Barnediabetesregister.
- Utøve kvalitetssikring av oppgåver i seksjonen knytt til diabetessjukepleie, t.d. utarbeide og halde
vedlike sjukepleiefaglege prosedyrar som seksjonsleiinga skal godkjenne - Gjennomføre eigne diabeteskonsultasjonar ved Førde sentralsjukehus
- Opplæring til skule/barnehage ved nyoppdaga diabetikarar -- fortrinnsvis videokonferanse
- Opplæring til pasientar med veksthormonbehandling
- Arbeid kvar 3. helg på sengepost.
- Sengeposten ved Barne- og ungdomsavdelinga har to postar; ein for prematur og sjuke nyfødde, og ein for større barn både medisinsk og kirurgiske diagnoser. Sjukepleiaren må kunne jobbe både med små og store barn. Arbeidsoppgåvene vil vere å pleie og behandle sjuke barn og ungdommar, samt omsorg for pårørande.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Utdanning som Diabetessjukepleiar er et fortrinn
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- Relevant erfaring innenfor Barne og ungdomsavdelinga blir prioritert
Personlege eigenskapar
- Bidra positivt til eit faglleg og kollegialt godt miljø
- Arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
- Gode kommunikasjonsevner
- Evne til systematisk arbeid
- Likar å jobbe med barn og foresatte
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Varierte og spennande oppgåver
- Lønn i samsvar med gjeldane overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling
Kontaktinformasjon
Jorunn Sollid, Seksjonsleiar sengepost, (+47) 578 39 515
Cathrine Ullebø, Seksjonsleiar poliklinikk, (+47) 578 31 310
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Førde
Referansenr.:4400951208
Stillingsprosent: 80%
Vikariat
Startdato: 02.08.2021
Sluttdato: 31.07.2022
Søknadsfrist: 18.07.2021
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på over 3 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.