Journalist
Sogn Avis har frå 1. november ledig eit årsvikariat som journalist
- Me er på jakt etter ein flink allrounder med nase for gode historier, og me ser gjerne at du er initiativrik og svolten på nyhende. Hjå oss må alle dekka alt. Kvardagen er aldri kjedeleg.
- Det er ein stor fordel om du har eit "digitalt hovud" og er førebudd på å levera på alle plattformer.
- Stillinga er plassert i hovudredaksjonen.
- Søkjarar må ha førerkort og bil.
- Me set stor pris på journalistar med humør og evne til å skapa trivsel rundt seg. Sogn Avis har eit godt arbeidsmiljø.
Spørsmål om vikariatet kan rettast til: Redaktør Jan Inge Fardal tlf. 913 10 274
Søknad med attestar og referansar skal sendast til jani@sognavis.no
Søknadsfrist: 1. september
Om bedriften
Sogn Avis kjem ut fem gonger i veka, og dekkjer dei åtte kommunane i Indre Sogn. Hovudredaksjonen ligg på Hermansverk og avisa har avdelingskontor i Årdal.