Vil du bli musikkterapeut ved Folgefonn DPS?
Valen sjukehus
Sjukehusvegen 13, 5451 Valen
Om jobben
Stillingstittel
Musikkterapeut
Oppstart
1. februar 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 5. januar
Er du lidenskapeleg oppteken av faget ditt, likar å engasjere deg, deler raust av kunnskapen din, og verdset eit godt arbeidsmiljø? Då er det nettopp deg me søkjer som vår nye musikkterapeut!
Me har ledig ein nyoppretta, fast 50% stilling som musikkterapeut, organisert i gruppepoliklinikken.
Vi har som mål å ha høg fagleg kompetanse og at fagpersonane deltek aktivt i fagleg utvikling. Folgefonn DPS nyttar mange ulike behandlingsmetodar, både individuelt og i grupper, og me ønskjer å utvide vårt behandlingstilbod med musikkterapi i tråd med nasjonale føringar. Folgefonn DPS er via Klinikk for psykisk helsevern og rus tilknytt Polyfon-nettverket.
Folgefonn DPS gir tenester på spesialistnivå til vaksne over 18 år. Me legg vekt på godt samarbeid og samhandling, både internt i føretaket og ut mot kommunehelsetenesta. Opptaksområdet vårt omfattar personar busett i kommunane Ullensvang og Kvinnherad, og noko reiseverksemd mellom kommunane må påreknast.
Teamet vårt har brei tverrfagleg kompetanse i alle einingane, med overlege, psykologspesialistar, psykologar, klinisk sosionom, spesialsjukepleiarar og -vernepleiarar, fysioterapeut og fagarbeidarar med brei erfaring. Me har ein allmennpsykiatrisk poliklinikk med to lokasjonar, i Odda og Valen. Det polikliniske tilbodet omfattar også treningspoliklinikk, TSB-poliklinikk og gruppepoliklinikk med blant anna musikkterapi og hesteassistert terapi. I tillegg har me ein open Døgnpost på Valen med 12 plassar, som har akuttfunksjon, brukarstyrt innlegging og elektiv innlegging for utgreiing og behandling av personar med ulike psykiske lidingar.
Ikkje nøl med å ta kontakt eller sende inn søknaden i dag! Me gler oss til å høyre frå deg.Arbeidsoppgåver
- Tilretteleggje og gjennomføre det musikkterapeutiske tilbodet, både med individuell behandling og gruppetiltak.
- Bidra som ein del av tverrfaglig behandlingsteam.
- Dokumentasjonssarbeid, journalføring og anna oppfølging av pasientar.
- Deltakelse på relevante samarbeidsmøter og andre møter som angår pasientane.
- Deltakelse på behandlings- og personalmøter, evt kurs og liknande.
- Veilede og rådgi samarbeidsparter, ta imot henvendelser og organisere tilbud.
- Kontinuerlig evaluering av tilbudet i samråd med team og leiing
- Tverrfagleg samarbeid i avdelinga, samt på tvers av avdelingar og virksomheter.
Kvalifikasjonar
- Godkjent 5-årig utdanning i Musikkterapi
- Erfaring frå arbeid med personar med utfordringer innan psykisk helse.
- Allsidig musikkterapeutisk kompetanse
- Erfaring med digitale hjelpemiddel som rytmeinstrument og PC med diverse digitale musikkprogramvarer.
- Må ha nordiske språkkunnskapar skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner og egnethet med henhold til relasjonsarbeid og evne til fagleg refleksjon
- Evne til samarbeid og formidling av kunnskap internt og eksternt.
- Arbeider strukturert og sjølvstendig.
- Kreativ, nytenkjande og fleksibel og gode samarbeidsevner.
Personlege eigenskapar blir vektlagde i henhold til eksisterande team.
Vi tilbyr
- Nyansatt får fadder og klinisk rettleiar.
- Dagstilling, 37,5 t/veke og mogelegheit for fleksitid.
- Eit utfordrande og spennande flerfaglig arbeidsfelt i utvikling.
- Arbeid i tverrfaglege team.
- Gode rammer for kompetanseutvikling.
- Eit godt fagmiljø og kjekke kollegaer.
Kontaktinformasjon
Erlend Hellingsrud , Poliklinikkleiar , 952 56 269, erlend.hellingsrud@helse-fonna.noHege Lægreid Røssland, Avdelingsleiar, +47 53 46 64 12, hege.laegreid.rossland@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 135451 Valen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4895623572
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.02.2025
Søknadsfrist: 05.01.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2819199
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7fbe997809e3433daaa20d8ec3e8daa2