Medarbeider i Barnehagane i Eid
Presentasjon av stillingen :
Barn og unge i Eid skal få nytte og utvikle evnene sine i ein trygg oppvekst med rom for alle. Barn og unge i Eid skal bli sjølvstendige menneske med god fysisk og psykisk helse. Eid kommune skal hjelpe barn og unge til å meistre viktige utviklingsoppgåver, både fysisk, sosialt og kognitivt.
Golvsengane barnehage ligg i Nordfjordeid sentrum og har 8 avdelingar med plass til 136 barn i alderen 1-6 år og 34 tilsette.
Gjerdane barnehage ligg i Nordfjordeid sentrum og har 3 avdelingar med plass til 48 barn i alderen 1-6 år og 15 tilsette.
Stårheim barnehage ligg sentralt i Stårheim sentrum og har 2 avdelingar med plass til 36 barn i alderen 1-6 år og 7 tilsette.
Haugen skule og barnehage er lokalisert på Haugen, har om lag 65 elevar, plass til 18 barn i alderen 1-6 år og 4 tilsette.
Ved Golvsengane barnehage har vi ledig:
- 200 % faste stillingar som pedagogisk leiar frå 01.08.2019
- 100 % vikariat som pedagogisk leiar frå så snart som mogleg og til 31.12.2019 med mogleg forlenging
Det kan bli fleire ledige stillingar i barnehagane i Eid.
Oppgåver:
- Pedagogisk leiaransvar for ei avdeling i barnehagen
- Medverke til å vidareutvikle ei god fagleg og sosial utvikling
- Medverke til å vidareutvikle språksatsinga i barnehagen og i kommunen
- Medverke til å vidareutvikle ein god samarbeidskultur
- Medverke til å heve den faglege kompetansen i barnehagen og i kommunen
- Medverke til å innføre ny rammeplan for barnehagen
Kvalifikasjonar:
- Barnehagelærar for stillinga pedagogisk leiar
- Gode samarbeidsevner
- Gode kommunikasjonsevner
- Har vilje og evne til å arbeide i team
- Tek initiativ og bidrar til godt arbeidsmiljø
Vi kan tilby:
- Eit godt arbeidsmiljø
- Godt og nært fagleg samarbeid
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverket
- God pensjons- og forsikringsordning
Eid kommune har 6 månadar prøvetid.
For meir informasjon om stillingane, ta gjerne kontakt med styrar Øyvind Dypveit på tlf. 906 61 903.
Frå 01.01.2020 vert Eid og Selje kommunar slått saman til Stad kommune. Dei tilsette i barnehagane vert overførte til Stad kommune frå denne datoen.
Vi ber om at vitnemål, attestar og referansar vert lasta opp ilag med søknaden. Politiattest skal leggast fram ved tilsetjing. Du søkjer ved å bruke lenkje som du finn i denne annonsen.
Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Søknadsfrist er 03. mars 2019 .
Vil du bli lærling som barne- og ungdomsarbeidar, søkjar du via www.superlarling.no innan 01. mars 2020. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Øyvind Dypveit, Tlf: +47 906 61 903 , Mobil +47 906 61 903
Om bedriften
Eid kommune har om lag 6000 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord i Sogn og Fjordane. Innanfor ein time finn du ein bu-, arbeids-, og serviceregion med 40.000 - 50.000 menneske. Kommunesenteret Nordfjordeid har alt du treng i eit kompakt og særmerkt tettstadmiljø. Eid er ein veldriven kommune med full barnehagedekning og er i landstoppen i skule. Kommunen har ledige bustadtomter, nytt omsorgsenter, fleirbrukshall og park med badeanlegg. Eid er stolt vertskommune for Malakoff rockfestival og Opera Nordfjord. I Eid vil du møte eit lokalsamfunn som skil seg ut frå hopen. Eid er stort nok til å gi deg rom og leve ut draumane dine, og lite nok til å sjå deg og ta vare på deg.