Lærar Tennfjord skule
Tennfjord skule har ledig tre 100% vikariat som lærar frå 01.08.2024. To av stillingane gjeld til 31.07.2025 og ei stilling til 31.12.2024.
Tennfjord skule er ein barneskule med i underkant av 180 elevar. Skulen sin visjon er "La tusen blomar bløme". For
å nå visjonen vår er verdiane varme, engasjement og meistring viktig for skulen. Skulen er ein
dysleksivenleg skule. Elevane i 1. til 4. klasse har kvar sin iPad, og elevane i 5. til 7. klasse har kvar sin PC.
I kommunalområde barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønsker å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med på vårt team og vere med å forme framtida.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune, der gode og heilskaplege tenester er i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenesteområda våre, slik at vi saman kan skape robuste tilbod for innbyggarar og næringsliv.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning i bredt utvalg av fag.
- Fagleg og sosial oppfølging av elevar.
- Tett og godt samarbeid med kollegaer, føresette og andre samarbeidspartnere.
- Kontaktlæraransvar er aktuelt på fleire av stillingane.
Kvalifikasjonar
- Undervisningskompetanse på barnetrinnet i form av grunnskulelærarutdanning eller allmennlærarutdanning.
- Søkar må beherske norsk godt både skriftleg og munnleg.
- God på pedagogisk bruk av digitale verktøy.
- Den som vert tilsett vil måtte framlegge tilfredsstillande politi- og tuberkulinattest.
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer veldig gjerne at du er:
- God på relasjonsbygging.
- Samarbeider godt og er løysingsorientert.
- Initiativrik og ønskjer å skape ein god skulekvardag i lag med kollegaene dine
- Varm, engasjert og ønskjer å skape meistring.
- Ein tydeleg klasseleiar.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Løn etter kvalifikasjonar og gjeldande regulativ.
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar som er opptatt av å saman skape eit trygt og godt skulemiljø.
- God pensjonsordning gjennom SPK
- Vere del av eit lokalsamfunn i vekst der svært mykje positiv aktivitet vert skapt.
Kontaktinformasjon
Ole André Lukkedal, Verksemdsleiar/Rektor, 48112398, ole.andre.lukkedal@haram.kommune.noArbeidsstad
Tennfjordvegen 1376264 Tennfjord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 4800114664
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 30.04.2024
Om bedriften
Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund
Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.