Lege i spesialisering i psykiatri
Lis og turnuslegar Psyk. Nordmøre og Romsdal, Helse Møre og Romsdal HF
Parkvegen 84, 6412 Molde
Om jobben
Stillingstittel
Lege i spesialisering i psykiatri
Oppstart
1. september 2024
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Vi har ledig fast utdanningsstilling i psykiatri ved Molde sjukehus fra 01.06.24, samt vikariat for lege i spesialisering (LIS) i tidsrommet 01.09.24 - 30.06.25.
Molde sjukehus har 8 ulike seksjonar som saman dekkjer alle dei obligatoriske områda av spesialistutdanninga i psykiatri. Heile spesialistutdanninga kan tas i Molde.
For LIS3 er det ei rotasjonsordning mellom dei ulike seksjonane slik at LIS3 får gjennomført heile spesialistutdanninga i Molde. Det er fokus på å gi LIS3 ei god spesialistutdanning med tid til klinisk rettleiing, psykoterapirettleiing, deltaking på kurs og undervisning samt fordjupningstid kvar veke. Det er ei felles primærvaktording for LIS1 og LIS3 lokalisert på Hjelset som for LIS3 vil vere ca 16-delt. Stillingane vi no lyser ut inngår i rotasjonsordning. Planlagt oppstart i stillinga vil vere ved DPS Molde døgnseksjon, Seksjon for utgreiing og behandling eller DPS Molde poliklinikk. Stad for oppstart avtalast med søkjar.
Oppstartdato er fleksibel og avtalast ved tilsetjing.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid i tverrfagleg team med ei rekke ulike oppgåver knytta til behandling av dei fleste hovudgrupper av psykiske lidingar
- LIS gjer i samarbeid med psykiater vurderingar knytta til medisinske problemstillingar og medikamentell behandling som ein del av jobben, men jobbar mykje sjølvstendig med oppfølging av pasientar og eksterne samarbeidsaktørar
- Bidra i rettleiing av LIS1 og medisinstudentar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
- Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du er pasientorientert
- Du har gode samarbeidsevner
- Du kommuniserer godt både internt og eksternt
- Du har stor evne til å arbeide tverrfagleg
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Ei god spesialistutdanning i psykiatri!
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst med eige psykiatritillegg
- Det blir gitt økonomisk dekning for gjennomføring av obligatoriske kurs
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevarar, og ev anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering.
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.
Kontaktinformasjon
Geir Magne Nødtvedt, Overlege psykiatri, +47 907 00 202, Geir.Magne.Nodtvedt@helse-mr.noArbeidssted
Parkvegen 846412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4784915334
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 01.09.2024
Sluttdato: 30.06.2025
Søknadsfrist: 21.04.2024
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2602505
- Sist endret
22. april 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
957d07c4342647d6a1529fea5f3b8c74