Vikariat som førstekonsulent
FP - Seksjon for administrative støttefunksjoner, Møre og Romsdal politidistrikt
Strandgata 2, 6415 Molde
Om jobben
Stillingstittel
Vikariat som førstekonsulent
Oppstart
1. september 2024
Antall stillinger
1
Møre og Romsdal politidistrikt har for tida ledig eit vikariat som førstekonsulent ved Felles eining for påtale, seksjon administrativ støttefunksjon.
Felles eining for påtale består av fire seksjonar, tre påtaleseksjonar (Nordmøre, Romsdal og Sunnmøre) og ein seksjon for administrative støttefunksjonar (straffesaksseksjon). Seksjon for administrative støttefunksjonar har medarbeidarar i Ålesund, Molde og Kristiansund. Denne stillinga har arbeidsstad i Molde.
Felles eining for påtale har eit overordna ansvar for etterforsking, påtale og rettsforfølging av straffesaker i politidistriktet. Eininga har fagansvar for straffesaksbehandling og skal sikre høg kvalitet gjennom forsvarleg og effektiv forvalting av den samla straffesaksporteføljen til distriktet. Eininga har ansvar for å sørgje for at gjeldsande regelverk som straffeprosesslova, påtaleinstruksen, Riksadvokatens mål og prioriteringar og andre direktiv for straffesaksarbeidet mv. etterlevast, og at omsynet til objektivitet og rettstryggleik blir vareteken i alle stadium av straffesaksbehandlinga.
Administrativ straffesaksstøtte støttar påtaleansvarleg jurist med administrative oppgåver i straffesaksbehandlinga for å sikre at straffesaksarbeidet blir gjennomført effektivt og med høg kvalitet.
Arbeidsoppgåver
- Støttefunksjon for påtalejuristar
- Digital straffesaksbehandling
- Registrering av digitale anmeldelser
- Klargjøring, redigering og koordinering av straffesaker
- Behandling av inn- og utgåande post
- Kvalitetssikring av opplysningar som blir registrerte i BL/Strasak i samarbeid med påtalejurist og etterforskar
- Sørgje for godt og effektivt samarbeid med både interne og eksterne aktørar
- Kan påleggjast andre oppgåver av næraste leiar, under dette stemningar og føring av dommar
Kvalifikasjonar
Nødvendig:- 3 årig høgskule eller tilsvarande relevant utdanning (Bachelor)
- Relevant erfaring kan kompensere for høgare utdanning
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetjing, jf. politilova § 18 og politiregisterlova § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
Ønska:
- Erfaring frå liknande oppgåver i politi- og lensmannsetaten, og/eller frå straffesakskjeda elles
- Kunnskap om saksbehandlingssystemet til etaten og digital straffesaksbehandling
Personlege eigenskapar
- Du er motivert og eigna for stillinga
- Du har stor arbeidskapasitet
- Du er initiativrik
- Du har gode samarbeidsevner
- Du har evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme politien i framtida.
- Mellombels stilling som førstekonsulent SKO 1408 i Møre og Romsdal Politidistrikt
- Løn frå kr 495 200,- til 565 900,- brutto per år.
- For særskilt kvalifiserte kan høgare lønnsplassering bli vurdert.
- Varighet for vikariatet er til og med 30.04.2025.
- Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP. Du kan ha rett til økonomisk støtte dersom du blir sjuk eller ufør, familien din kan ha rett til økonomisk støtte om du døyr, du blir forsikra mot yrkesskade eller yrkessjukdom, og du får gode vilkår på bustadlån. Les meir om tilsetjingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk.
- Tilgang til bedriftsheilseteneste.
- Fleksibel arbeidstid.
- Moglegheit for trening i arbeidstida.
Kontaktinformasjon
Hilde Juul Jørgensen, Seksjonsleiar, 92290663Anne Bjerknes Hovland, 48050504
Arbeidssted
Strandgata 26415 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Møre og Romsdal politidistriktReferansenr.: 4828173185
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.09.2024
Sluttdato: 30.04.2025
Søknadsfrist: 31.07.2024
Om bedriften
Om politidistriktet
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer og dekker ei befolkning på om lag 265 000 menneske. Majestetiske fjellområde set naturlege avgrensingar i Møre og Romsdal fylke, og såleis politidistriktet. Det er Trollheimen på grensa mellom Nordmøre og Trøndelag, Romsdalsfjella med mellom anna Trolltindane i nedre del av Romsdal, Sunnmørsalpane på begge sider av Hjørundfjorden og Tafjordfjella mot Reinheimen Nasjonalpark sørvestover. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Møre og Romsdal politidistrikt har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Organisering av politidistriktet
Politidistriktet med om lag 630 tilsette, vert leia av politimeister Ingar Bøen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.
Dette er verdiane våre
I politiet jobbar vi etter prinsippa i medarbeidarplattforma som er å vere modig, heilskapsorientert, vise respekt og vere tett på. Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke og treng medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogeleg legg vi til rette for deg om du har behov for det.
Positiv særbehandling av søkarar til statlege verksemder
Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen. Dersom du har funksjonsnedsetting, hól i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar vi deg til å krysse av i jobbportalen. Dette dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer på i sine årsrapportar.
Om offentleg søkarliste
Opplysingar om deg kan bli gjort offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på den offentleg søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil du bli varsla om dette.
Har du hugsa dette?
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2689489
- Hentet fra
talentech
- Referanse
613ccdd2979740b793f71c35294420f0