Rettleiar ved NAV Aurland og Lærdal
Aurland kommune
Vangen 1, 5745 Aurland, Lærdal
Om jobben
Stillingstittel
Rettleiar ved NAV Aurland og Lærdal
Type ansettelse
Vikariat
Antall stillinger
1
Om stillinga
Nav Aurland og Lærdal har ledig 100% vikarstilling som rettleiar frå 01.09.24 - 31.08.25. Stillinga inneber i hovudsak sosialfagleg arbeid med sakshandsaming og oppfølging av arbeidssøkjarar.
NAV Aurland og Lærdal har 10 stillingar medrekna flyktningtenesta. Me legg stor vekt på å lære i lag. Hjå oss tek du også ansvar for eiga utvikling. Me ynskjer å tilsetje deg som finn gode løysingar i samhandling med personbrukarar og bedrifter.
Lærdal er vertskommune for NAV Aurland og Lærdal, og er ein del av NAV region Sogn. Vertskommuneavtalen er under evaluering i september. Innhald og fordeling av type arbeidsoppgåver kan difor verte endra. Arbeidsstad er Lærdal og Aurland etter nærare avtale.
Arbeids- og ansvarsområde
- Oppfølging av brukarar med rettleiing av god kvalitet, der målet er å komme i arbeid og aktivitet.
- Oppfølging og sakshandsaming etter Sosialtenestelova
- Samarbeide med verksemder og flyktningtenesta
- Nytte rettleiings-metodar i arbeidet
- Samarbeide med andre organisasjonar for å nå gode brukarmål
- Andre oppgåver, og endringar i oppgåver kan påreknast
Me tilbyr
- Ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
- Spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innafor eit viktig samfunnsområde
- Bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter tariff
- Fleksibel arbeidstid
- Gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen
- Gratis inngang til symjehallen
- Hjelp til å skaffe bustad
- Hjelp til å skaffe jobb til partnar
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
Kvalifikasjonar
- minimum 3-årig utdanning frå universitet/høgskule, gjerne innan sosial- eller samfunnsfagleg retning. Utdanning innan rettleiingsfag kan også eigne seg.
- erfaring frå navkontor blir vektlagt
- gode ferdigheiter med kommunikasjon, skriftleg, og munnleg. Du er rask og trygg i bruk av ulike elektroniske verktøy
Personlege eigenskapar
Personleg eigenheit for stillinga blir sterkt vektlagt.
Me vil at du:
- har erfaring og forståing for menneske i ein vanskeleg livssituasjon
- har evne til å motivere, og til å møte brukarar med respekt
- har forståing for samfunnsoppdraget til NAV og arbeidslinja
- er positiv, initiativrik, og har god arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
- medverkar til eit godt arbeidsmiljø
Våre verdiar er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Løns- og tilsetjingsvilkår
- tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale.
- det er ein føremon med førarkort klasse B
Krav til språk
Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Generell informasjon
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
Om bedriften
Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1780 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, musikkskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2717591
- Sist endret
2. september 2024
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10220384