NGIR søkjer transportkonsulent
NGIR Drift AS
Hundvin
Om jobben
Stillingstittel
Transportkonsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
NGIR søkjer ein transportkonsulent som skal assistere leiar for transportavdelinga.
Arbeidsoppgåver:
- Syte for at drifta er i samsvar med gjeldande rutinar, og dokumentere dette
- Drifts- og arbeidsplanlegging
- Planleggje ruter og bestillingsoppdrag
- Syte for at dei tilsette ved avdelinga er oppdaterte i høve til naudsynte kurs og sertifikat
- Sjå til at vedlikehald av anleggsmiddel vert gjennomført
- Dagleg oppfølging av avvik
- Bidra til effektivisering og utvikling i avdelinga
- Syte for praktisk gjennomføring av KS- og HMT-arbeid (HMS)
Vi ønskjer følgande kompetanse og personlege eigenskapar:
- Utdanning som er relevant for ansvarsområde
- Lang erfaring kan i særskilte høve kompensere for manglande utdanning.
- Gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg, i både norsk og engelsk.
- Sjølvstendig
- strukturert og nøyaktig
- Løysingsorientert
- Resultat- og målorientert
Arbeidsstad: Kjevikdalen
Administrasjonsmålet til NGIR er nynorsk
Om bedriften
Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap IKS (NGIR) vart skipa i 1981 og har i dag meir enn 90 tilsette. Selskapet er eigd av kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Solund. NGIR samlar inn og handsamar avfall frå omlag 17 000 hushald, og 6500 hytter i medlemskommunane. NGIR har høg grad av kjeldesortering hjå innbyggjarane, og arbeidar for avfallsreduksjon til beste for miljø og klima.
Transportavdelinga ligg under NGIR Drift AS frå 2024.
Sektor
Offentlig
Nettsted