Fysioterapeut, 50% prosjektstilling frå snarast
Arbeidsoppgåver prosjektstilling:
· Sentral rolle i å planleggje og utvikle eit tverrfagleg samarbeid mellom helsestasjon og skule
· Motorisk kartlegging
· Oppstart av aktiv leik i skule
· Rettleiing til skulepersonell
Kvalifikasjonar
· Offentleg autorisert fysioterapeut
· Kompetanse innan barne- og ungdomsfysioterapi og-/ eller psykomotorisk fysioterapi
· Erfaring frå kommunehelsetenesta er ønskelg
· Erfaring med veiledning og undervisning i gruppe og individuelt
· God muntleg og skriftleg framstillingsevne i norsk
Personlege eigenskapar:
· Evne til å samarbeide sjølvstendig og i team
· Evne til omstilling/fleksibilitet
· Evne til å sjå enkeltindividet i ein heilheitleg samanhang
. Ønske om å bidra til eit godt og positivt arbeidsmiljø
· Personleg egnaheit og gode samarbeidsevner blir vektlagd
Vi tilbyr:
Trivelige arbeidskollegaer
Lønn etter utdanning og erfaring
Ein spennande jobb der du skjølv er med og forme prosjektet.
Nærare info: Helse- og rehabiliteringsleiar Kjersti Flittie, tlf 970 18 386.
Krav om at det blir lagt fram politiattest før oppstart i stillinga, jf. Helse- og omsorgstenestelova §5-4.
Søknad sender du til: Lesja kommune, innan 07.05.2024.
Vær venleg å sende søknad elektronisk via www.lesja.kommune.no, link til ledige stillingar. Søknad som ikkje er sendt elektronisk via vårt søknadsskjema, blir ikkje tatt i betraktning.
Ved evt. interne forflytningar, brukar vi same søkjarmasse til å fylle stillingar som måtte bli ledige.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli oppført på søkjarlista (jf. Offl. § 25). Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil søkjaren bli varsla.
Evt. søknadspapir blir ikkje returnert.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fysioterapiressursen i Lesja kommune er på 140%. Fysioterapeutane er lokalisert i nytt helsehus der alle innan helse jobbar under same tak. Fysioterapeutane har ansvar for forebygging, rehabilitering og habilitering av barn og vaksne, samt institusjonane.
Vi har no fått prosjektmidlar til å vidareutvikle fysioterapitilbodet (i helsestasjon og skulehelsetenesta) og ynskjer å sette i gang eit prosjekt med fokus på auka fysisk aktivitet for barn og unge i barnehagen og på skulen. Dette meiner vi er eit viktig arbeid for å forbyggje nedsatt motorikk, uro og adferds- og konsentrasjonsproblem i skulekvardagen. Dette vil bli ein spennande jobb der ein er med og former prosjektet.