Økonomikonsulent
Me søkjer etter ny økonomikonsulent i heil stilling. Stillinga inngår i økonomiavdelinga som er ein stabsfunksjon til kommunedirektøren. Økonomiavdelinga har ansvaret for m.a. å gi støtte og råd, utføre økonomisk analysar, bidra med gode avgjerdsgrunnlag for kommunedirektøren og folkevalde, og dessutan gjennomføra vedtak teke av folkevalde organ. Økonomiavdelinga består av 3 tilsette med arbeidsstad Bykle Rådhus.
Arbeidsoppgåver
- Føring av rekneskap
- Bokføring, avstemming og kontroll av rekneskap
- Avstemming og rapportering av mva.
- Fakturering
- Lønsarbeid, bokføring, utbetaling og rapportering.
Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgskuleutdanning
- Relevant praksis og kjennskap til kommunalt rekneskapsarbeid er ein fordel
- Dersom det ikkje er søkjarar med relevant utdanning kan det vere aktuelt å tilsette søkjar med relevant erfaring og/eller fagutdanning.
Personlege eigenskapar
- Den som blir tilsett må kunna arbeida systematisk, nøyaktig og sjølvstendig.
- God økonomiforståing og analytiske evner
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Evne til å ta initiativ og å arbeida sjølvstendig
- Trives med høgt tempo og stramma tidsfristar
Vi tilbyr
- Løn etter kvalifikasjonar
- Fleksibel arbeidstid
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
- Flyttegodtgjersle etter eige reglement
- Full dekning på barnehage og SFO
- Bedriftsleiligheit ved sjøen i Kristiansand
- Flotte naturopplevingar heile året for store og små
Andre opplysningar
Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot.
Bykle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering.
Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
Kontaktinformasjon
Ann Harriet Ebeltoft, Økonomisjef, +47 991 63 295, ann.ebeltoft@bykle.kommune.noArbeidsstad
Sarvsvegen 144754 Bykle
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Bykle kommuneReferansenr.:4584916623
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 06.02.2023
Søknadsfrist: 04.12.2022
Om bedriften
Bykle kommune har ca. 965 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 18 mil til Kristiansand, 20 mil til Stavanger (sommartid) og 35 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er i Bykle, medan Hovden er eit stort turistsenter. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter. Mellom anna har vi alpinsenter, tilrettelagte langrennsløyper i nærområdet og i høgfjellet, golfbane og eit stort Badeland.
Bykle kommunen er organisert i to nivå: rådmann med stab/støtteavdelingar og 8 tenesteeiningar, og har ca. 170 tilsette