Sjukepleiar
Ortopedisk sengepost Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vi har ledig 100% fast stilling frå 01.06.2024.
Ortopedisk og revmatologisk sengepost er ein sengepost med 20 sengeplassar. Vi jobbar i eit spennande fagfelt og har mange engasjerte tilsette. Vi er ein sengepost med fokus på fag og vi ønskjer å vere langt framme innanfor vårt fagområde.
Vi har ei stabil personalgruppe og eit godt arbeidsmiljø. Vi ønskjer å kome i kontakt med engasjerte sjukepleiarar, som kan tenkje seg ei spennande utfordring.
Ved intern tilsetting kan andre stillingar bli ledige.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegge, planlegge, utføre og evaluere sjukepleiartiltak i forhold til pasientar
- Sjukepleieadministrative-/ koordinerande oppgåver
- Legemiddelhandtering
- Sjukepleieprosedyrer
- Arbeid med kvalitet og pasientsikkerheit
- Rettleiing av studentar og kollegaer
- Arbeid kvar 3. helg
- Kontinuerlig forbetringsarbeid
- Moglegheit for ekstravakter
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Erfaring frå sjukehus er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
- Du er serviceinnstilt, pasientorientert og fleksibel
- Du er ansvarsbevisst
- Du er engasjert og lærevillig
- Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Du har evne til å arbeide i team og samarbeide med andre profesjonar
- Du må trivast i eit aktivt og hektisk miljø
Personleg eignaheit for stillinga vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Kontaktinformasjon
Andre Giskegjerde Høybakk, Seksjonsleiar, +47 70 10 58 17, Andre.Giskegjerde.Hoybakk@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4790941954
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.04.2024
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2613885
- Sist endret
19. april 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
16ee114818cc4008aa5aa8dfa5280238